Vis heile kalenderen

30.01.2015

  • Toppmøte om mobbing

    Erna Solberg| Statsministerens kontor

    Kl. 09.30: Statsministeren, kunnskapsministeren og helse- og omsorgsministeren inviterer til toppmøte om mobbing i Regjeringas representasjonsanlegg i Parkveien 45.

    Oppmøte for presse i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 09.00.

    Tema for møtet er å løfte fram røyster til folk som sjølve har blitt utsette for mobbing. Fleire som har blitt mobba deltek på møtet. Det same gjer fleire rektorar og lærarar, representantar for elevar, foreldre, barnehagar, fagpersonar og organisasjonar som har mobbing som ein del av sitt ansvar.

    Presse kan vere til stades ved starten av møtet kl. 09.30. Møtedeltakarane er tilgjengelege for kommentarar etter møtet, om lag kl. 11.30. Oppmøte for presse i Riddervoldsgate 2 kl. 11.00.

    • Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.
    • Pressekontakt for kunnskapsministeren er kommunikasjonsrådgivar Dino Prohic, telefon: 922 25 224.
    • Pressekontakt for helse- og omsorgsministeren er Per Aubrey Bugge Tenden, telefon: 900 91 062.