Toppmøte om tillitsreforma

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsråd Gjelsvik møtte 17. februar hovudsamanslutningane, LO, Akademikerne, YS, Unio, Spekter og KS. Dei kom med fleire innspel til arbeidet med tillitsreforma.

- Mange rapporterer at dei ikkje har høyrt noko om tillitsreforma på arbeidsplassen sin. Dette må me alle gjere noko med, seier statsråd Gjelsvik etter møtet

Fleire av organisasjonane ønskjer meir kraft i arbeidet med tillitsreforma, og at departementa gir tydelegare retning for arbeidet. Organisasjonane meiner at dette ikkje vil vere i strid med eit av hovudformåla, nemleg at reforma skal skapast av partane og at løysingane skal komme nedanfrå.

- Eg skal ta med meg denne bodskapen til kollegaene mine i regjeringa. Eg veit at mykje bra skjer der ute i sektorane, men det er viktig å dokumentere betre det som skjer, seier Gjelsvik. Dette vil òg vere i tråd med innspelet som kom i møtet om ei eiga nettside for å dele det dei ulike verksemdene gjer innanfor tillitsreforma.

Fleire av organisasjonane var opptekne av å sjå på kva rapporteringskrav ein kan gi slepp på, utan at det går utover kvaliteten i tenestene. Rapporteringskrav kan i seg sjølv ha gode intensjonar, men ofte kan summen av mange krav bli ei stor byrde for verksemdene. Samstundes var det òg engasjement rundt korleis eit auka handlingsrom må balanserast opp mot rettstryggleiken.

Organisasjonane var opptekne av at tillitsreforma ikkje må komma i «tillegg» til anna arbeid i forvaltninga.

- Dette er eg heilt samd i, seier Gjelsvik. Å arbeide med å auke tilliten internt i, og til, offentleg sektor skal vere ein del av det daglege arbeidet. Slikt sett er tillitsreforma ein arbeidsprosess og ei kulturendring, seier statsråden.

Statsråd Gjelsvik støtta òg synet til organisasjonane på at i arbeidet med å auke tilliten, må vi ha meir openheit og samarbeid, både mellom sektorane, mellom verksemdene og internt i verksemdene. Dei tilsette og dei tillitsvalde må vere tett involvert i dette arbeidet.