Historisk arkiv

Tre nye Spesialitetsmerke til Trøndelag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

To lokalmatprodusentar frå Trøndelag har i dag fått Spesialitet-merket for unik smak under Trøndersk Matfestival

Bærsausen "Flytende tyttebær" frå Smaken av Røros og dei to produkta "Ekte Vanilje fløteis" og "Iskake med vanilje og jordbær" frå Gangstad Gårdsysteri har i dag fått heidersmerket Spesialitet under Trøndersk Matfestival.  

 -Spesialitet er eit kvalitetsmerke som produsenten må gjere seg fortent til. Trøndelag fylke har lokalmatprodusentar som veit å nyttje dei lokale ressursane og smakane, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale, som gratulerer til Smaken av Røros og Gangstad Gårdsysteri. 

Spesialitet garanterer forbrukarane ei unik smaksoppleving. Kva for mat- og drikkevarer som kjem seg gjennom nålauget, vert bestemde av ein uavhengig fagjury leia av fylkesmann Lars Sponheim. Fagjuryen vurderer grundig kvalitet og smak før dei tildeler Spesialitet. 

Bærsaus frå fjellområda

Kjetil Reinskou i Smaken av Røros er godt nøgd med heidersmerket for bærsausen «Flytende tyttebær». Fra før har produsenten Spesialitet på sin kreklinggelé.

 "Flytende tyttebær" er ei ny type bærsaus laga av økologiske tyttebær frå fjellområda rundt Røros. Råsaft frå tyttebæra vert kokt med økologisk sukker, og vert smakt til med balsamicoeddik og utvalde krydder. Resultatet er eit friskt og spanande følgje til viltkjøt og fisk, eller som saus til dessert.

Spesialitetsmerke til Røros Mat
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale deler ut Spesialitetsmerke til Røros Mat under Trøndersk Matfestival. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Kalde freistinger av lokale råvarer

Astrid Aasen på Gangstad Gårdsysteri er stolt over å ha fått heidersmerket på enda fleire av sine produkt. Dei kalde freistingene frå Gangstad Gårdsysteri blir laga av fersk mjølk frå eigen gard, rikelig med fløyte, solmodne bær frå nærområdet i Trøndelag og lokale egg.

Spesialitetsmerke til Gangstad Gardsysteri
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale deler ut Spesialitetsmerke til Gangstad Gardsysteri under Trøndersk Matfestival. Foto: Landbruks- og matdepartementet