Mat og forbrukarar

Norske forbrukarar viser stor interesse for korleis mat vert produsert, foredla og omsett i Noreg, og forbrukarane sine meningar vert tillagd stor vekt når matpolitikken vert utforma.

Hovudmålet med mat- og landbrukspolitikken er å sikre forbrukarane tilgang til nok trygg og variert mat av god kvalitet og til ein fornuftig pris. Forbrukarane sine ønske og valg er med og verkar inn på utforminga av matpolitikken. 

Kva inneheld maten?

God merking av mat er avgjerande for at forbrukarane skal kunne ta informerte matval. Forbrukarane skal lett kunne vurdera kva matvarer inneheld, kor dei kjem frå, kor mykje næring dei gir og korleis dei skal handsamast.

I desember 2014 vart det innførd nye reglar for merking av mat i Noreg, som skal gjere det enklare for forbrukarane å lese og forstå kva maten inneheld.

Den nye matmerkinga, som er basert på EU-krav, inneber mellom anna at produsentar må oppgje kva type planteolje maten inneheld, om det er brukt imitasjonsprodukt og kor mykje vatn som er tilsett.

Merking skal òg gjere det enklare å sette saman eit sunt kosthald. Nøkkelhullet er eit felles nordisk, frivilleg sunnhetsmerke, som har gitt forbrukarane auka tilgang på sunn mat. 

Rettleier forbrukarane

Interessen vokser òg for lokalmat og mat med særpreg. Matmerks Spesialitet-merke hjelper forbrukarane til å finne lokale matspesialitetar av høg kvalitet, der produsentane kan dokumentere særpreg ved produkt og smak. 

Beskyttede Betegnelser-merket sikrer produsentane juridisk mot kopiering, og hjelper forbrukarane å finne produkt med spesiell geografisk tilknytting eller tradisjon.

Ø-merket er forbrukarane sin garanti for at varen er økologisk. Berre produkt som er godkjend av det norske kontrollorganet Debio, eller tilsvarande utenlandske organ, kan marknadsføres som økologiske i Noreg. 

Matprisar

Norsk mat- og landbrukspolitikk skal ikkje berre sikre bønder og matprodusentar gode vekstvilkår. Den skal òg sikre at forbrukarane får kvalitetsmat til ein fornuftig pris. Styresmaktene arbeider derfor aktivt mot leverandørindustrien når det gjeld matprisar.

Matprisene i Noreg er mellom dei høgaste i Europa, men jamt over bruker nordmenn ein lågere andel av nettoinntekta på mat enn dei fleste europearar.