Økologisk matproduksjon

Innan 2020 skal 15 prosent av Noregs produksjon og forbruk av mat vera økologisk.

Økologisk landbruk er ein produksjonsmetode som tar særskild omsyn til miljø, bærekraft og naturens eige kretsløp. Metoden baserar seg på beste praksis på miljøområdet, og er i stadig utvikling etter kvart som ny kunnskap kjem til.

Det finnes ingen eintydig, felles internasjonal eller europeisk forståing av kva omgrepet økologisk skal omfatte. I Noreg er omgrepet "økologisk" definert gjennom eit konkret og detaljert regelverk, som i stor grad er likt EUs regelverk.

Økologisk landbruk fungerer i Noreg som ein spydspiss for utvikling av meir bærekraftige produksjonsmetoder jamvel innan konvensjonelt landbruk. Med bærekraft forstår vi metoder som sikrer at ressursene vert ivaretatt for kommande generasjonar.

Strenge krav

I praksis inneber økologisk landbruk i Noreg strenge krav til produksjonskjeda, som kjem i tillegg til øvrig regelverk for matproduksjon..

Kyr på beite i blomstereng.
Økologisk husdyrhald legg vekt på dyrevelferd – som at dyra kan røre seg utomhus. Foto: Colourbox

Mat frå økologisk landbruk vert fremstilt med bruk av husdyrgjødsel og annan organisk gjødsel, og utan bruk av kjemiske sprøytemiddel.

Økologisk husdyrhold legg vekt på dyrevelferd – som at dyra kan røre seg utomhus, jamvel utanfor beitesesongen. Innomhus har dyra meir plass enn ved konvensjonell drift. Dyra får berre økologisk fôr.

Foredla økologiske matprodukt er basert på økologiske ingrediensar, og er kjenneteikkna av minimal bruk av tilsetjingsstoff..

Økologisk Tjukkmjølk fra Røros.
Økologisk Tjukkmjølk frå Røros. Mjølka som vert brukt er økologisk produsert på garder i Nord-Østerdalen og Røros-traktene og vert videreforedla av Rørosmeieriet as. Foto: Matmerk

Beskytta omgrep

Omgrepet "økologisk" er beskytta gjennom forskrift om økologisk produksjon og merking av økologiske landbruksprodukt.

Regelverket er ein del av EØS-avtalen. Gjennom EØS-regelverket er Noreg forpliktet til å ha ein kontrollordning i offentleg regi. Mattilsynet er tilsynsstyresmakt og har delegert utøvande kontroll til Debio.

Bare produkter som er godkjent av Debio, eller tilsvarende utenlandske organer, kan markedsføres som økologiske i Norge.

Berre produkt som er godkjende av Debio, eller tilsvarande utenlandske organ, kan marknadsføres som økologiske i Noreg.

Gardsbruk og bedrifter som ønsker å produsere, videreforedle og omsetje økologisk mat må derfor bli godkjende  av Debio. Gardsbruk, foredlingsbedriftar, pakkeri, omsetjingsledd og importørar som er godkjend vert kontrollert jamnleg. 

Ø-merket.

Umoden marknad

Det økologiske matmarknaden er fortsatt umoden i Noreg, noko som vert gjenspegla i store svingningar i både produksjon og etterspørsel frå år til år. Utviklinga går i rett lei, men det vil bli krevjande å nå målet om 15 prosent økologisk matproduksjon og -forbruk innan 2020.

Kvart år vert det satt av middel til utviklingstiltak innan økologisk landbruk i jordbruksoppgjeret.