Matsikkerheit

Matsikkerheit dreier seg om at alle skal ha tilgang til nok og trygg mat – i krisetider òg.

Befolkningsvekst, klimaendringar, press på naturressursar og stigande råvareprisar dei siste åra har satt matsikkerhet høgt på dagsorden – både i Noreg og internasjonalt.

Matsikkerhet vs mattryggleik

FN definerer matsikkerheit slik: "Matsikkerheit eksisterer når alle menneske til kvar ei tid har fysisk og økonomisk tilgang til nok og trygg mat for eit fullgodt kosthald, som møter deira ernæringsmessige behov og preferansar, og som danner grunnlag for eit aktivt liv med god helse."

Begrepet vert ofte forveksla med mattryggleik, som inneber at maten vi et ikkje inneheld mikroorganismar, miljøgifter eller fremmedelement som gjer oss sjuke, dersom vi lager den til og nyt den som tiltenkt.

Sjølvforsyning

Ut frå eit beredskapshensyn bør eit samfunn produsere så mykje som mogleg av maten innbyggarane i landet treng sjølv.

I krigs- eller krisetider er stabil matforsyning særleg viktig, og sjølvforsyning ein vesentleg faktor for matsikkerheten.

Kålåker.
Det er viktig at den landbaserte matproduksjonen fortset å auke, i takt med etterspørselen til ein aukande befolkning. Foto: Ragnar Vaaga Pedersen/NIBIO

Sjølvforsyningsgraden for jordbruksprodukt i Noreg varierer frå år til år, avhengig av vêret.

Jamt over har vi mindre gunstige tilhøve for jordbruksproduksjon enn mange andre land – med kort vekstsesong, kaldt klima og lite og spredt landbruksareal. Til tross for eit krevjande utgangspunkt, har det likevel vore stor produksjonsvekst i Noreg dei siste tiåra.

I framtida er det viktig at den landbaserte matproduksjonen fortset å auke, i takt med etterspørselen til ei aukande befolkning. 

Internasjonal matsikkerhet

Gjennom Utenriksdepartementet og FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) engasjerer Noreg seg òg i å auke matsikkerheita globalt. Det norske bidraget er særleg utvikling av eit meir klimarobust landbruk i utviklingsland.

Optimal, bærekraftig utnytting av jordbruksareal, i Noreg òg, er av stor betydning for den globale matsikkerheten.