Mattryggleik

I forhold til andre land har Noreg få problem med matbåren sjukdom. Sjølv om mattryggleiken jamt over er god, krevst det vedvarande innsats å sikre at maten forblir trygg.

At maten er trygg betyr at den ikkje inneheld mikroorganismar, miljøgifter eller fremmedelement som gjer oss sjuke, dersom vi lager den til og nyt den som tiltenkt.

Begrepet mattryggleik vert ofte forveksla med matsikkerhet – som dreier seg om at alle har tilgang til nok mat. 

Godt system

At norsk mat er så trygg, skuldast mellom anna at sjukdomar hos planter og dyr er lite utbreidd her, men òg strenge reglar for handsaming av mat gjennom heile produksjonskjeda. Importert mat må oppfylle dei same krava som mat produsert i Noreg.

Det er viktig for regjeringa at forbrukarane har høg tillit til all mat på den norske marknaden og til norsk matproduksjon. Trygg mat er ein sentral føresetnad for den tilliten.

Pølseproduksjon Smedstuen Gård Eidsvoll
Det krevst strenge reglar for handsaming av mat gjennom heile produksjonskjeda. Foto: Torbjørn Tandberg

God dyrehelse er grunnleggande

I Noreg har vi god dyrehelse, noko som er ein av føresetnadene for trygg mat. Norsk dyrehelse er eit resultat av systematisk arbeid gjennom mange år.

Det er klare reglar for at matprodusentar må kunne spore produkta sine eitt ledd bakover og eitt ledd framover i produksjonskjeda. Eit godt system for sporing er viktig for å kunne reagere raskt og trekke produkt frå marknaden dersom det oppstår problem..

Røkter med grisunge
I Noreg har vi god dyrehelse, noko som er ein av føresetnadene for trygg mat. Foto: Torbjørn Tandberg

Forskning og kunnskap

Kunnskap og vitenskapeleg dokumentasjon er viktig for å sikre at maten vi et er trygg.

Vitenskapskomiteen for mattryggleik (VKM) leverer uavhengige risikovurderingar til Mattilsynet, som i sin tur samarbeider nært med norske og utenlandske forskingsmiljø og den europeiske matsikkerhetskontor – European Food Safety Authority (EFSA).

Kunnskap og beredskapsstøtte frå institusjonar som Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Nasjonalt folkehelseinstitutt og Veterinærinstituttet er òg avgjerande for mattryggleiken.

Internasjonalt samarbeid om mattryggtryggleik

Det er òg viktig å sikre at maten vi importerer er trygg.

Matregelverket er harmonisert gjennom EØS-avtalen og Noreg deltar aktivt i det kontinuerlege arbeidet med å videreutvikle og tilpasse reglane – i nært samarbeid med berørte parter i Noreg.

WTO-avtalen (Verdens handelsorganisasjon) består av ein rekke bindande avtaler, som regulerar internasjonal handel. Det er særleg Avtalen om veterinære og plantesanitære forhold (SPS-avtalen) som er viktig på matområdet. Den regulerar medlemslanda sin adgang til å innføre tiltak for å beskytte helsa til folk, dyr og planter.

Noreg deltar òg aktivt i Codex Alimentarius-kommisjonen (CAC), Verdens dyrehelseorganisasjon (OIE) og Verdens plantehelseorganisasjon (IPPC), som fastsett standarder, retningslinjer og anbefalingar for vern av henholdsvis folke-, dyre- og plantehelse.

Forskning.
Sjølv om mattryggleiken i Noreg jamt over er god, krevst det vedvarande innsats å sikre at maten forblir trygg. Foto: Colourbox