Historisk arkiv

Tydelege mål for pasienten si helseteneste

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Tysdag 10. januar presenterte helse- og omsorgsminister Bent Høie sine styringsbodskap og forventningar til sjukehusa for 2017. Den overordna visjonen er å fortsette arbeidet med å skape pasienten si helseteneste.

– Målet for alt endringsarbeidet vi nå er inne i, er å skape ei helseteneste med pasienten som likeverdig partnar, der pasienten er med på beslutningane om seg sjølv. Vi må spørje pasienten: Kva er viktig for deg, sa Høie.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie
Vi må spørje pasienten: Kva er viktig for deg, sa Høie i sjukehustalen 2017. Foto: Helse- og omsorgsdepartementet

Dei viktigaste måla i årets oppdragsdokument vert vidareført frå i fjor:

  • Redusere unødvendig venting og variasjon.
  • Prioritere psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling.
  • Betre kvalitet og pasienttryggleik

-Det er gode grunnar til å halde fast i dei. Klare og tydelege mål virkar. Men dei må få virke over tid. For det tar tid å fornye, forenkle og forbetre helsetenesta, sa Høie.

Nytt mål for å redusere unødvendig venting

For første gong er den nasjonale gjennomsnittlege ventetida under det gamle målet på 65 dagar. Med ei gjennomsnittleg årleg ventetid på 61 dagar i 2016, er dette det lågaste målte årstalet på ventetider sidan 2002. Talet på ventande er også på eit historisk lågt nivå. I fjor haust var det 80 000 færre som venta enn det var hausten 2013. Og pasientar i tverrfagleg spesialisert rusbehandling ventar 11 dagar kortare enn i 2015. Andel fristbrot har gått ned med 2,9 prosentpoeng sidan 2015, og er nede i 1,4 prosent.

-Dette er gode tal! Vi vil at den positive trenden held fram i 2017. Difor kjem eit nytt mål: Alle helseregionar skal redusere ventetidene sine samanlikna med 2016, og ventetida i alle helseregionane skal vere under 60 dagar i snitt, sa Høie.

Prioritere psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling

Den gylne regel ligg fast: Det skal vere høgare vekst innan psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling enn for somatikk på regionnivå.

-Regionane er i rute for tverrfagleg spesialisert rusbehandling, men for psykisk helse er eg ikkje nøgd. Eg kjem til å gjenta og forsterke bodskapen – heilt til regelen er innfridd, sa Høie.

Statsråden ønsker sterkare merksemd rundt bruk av tvang, og er oppteken av at det er leiarane sitt ansvar å jobbe systematisk med å redusere tvangsbruken.

Betre kvalitet og pasienttryggleik – skjerpa krav til leiarar

For å skape pasienten si helseteneste, er kvalitet og pasienttryggleik avgjerande. Rett før jul vart den tredje årlege stortingsmeldinga om kvalitet og pasienttryggleik lagt fram for Stortinget.

-Meldinga viser at det fortsatt er utfordringar når det gjeld kommunikasjon, det å lytte til pasientar og pårørande. Og det er utfordringar knytta til leiing. Difor stiller eg no strengare krav til leiarane ved sjukehusa gjennom den nye forskrifta om leiing og kvalitetsforbetring. Her går det tydeleg fram at det er toppleiaren sitt ansvar å sørge for at alle aktivitetar skjer i tråd med den nye forskrifta. Arbeidet med kvalitet og pasienttryggleik krev også konstant merksemd frå leiinga, sa Høie.

Talen vart halden i forkant av felles føretaksmøte for dei fire regionale helseføretaka der oppdragsdokumentet for 2017 vart overlevert.

Les helse- og omsorgsminister Bent Høies tale

Føretaksprotokoll og oppdragsdokument vert lagde ut etter føretaksmøtet