Ukrainske flyktningar skal få utvida rett til å køyre bil i Noreg

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

– Ukrainske flyktningar skal være trygge på at dei kan få køyre bil når dei oppheld seg i Noreg. Derfor vil vi forlenge varigheita av førarkorta deira til eitt år, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Regjeringa har no bede Statens vegvesen om å endre førarkortforskrifta slik at perioden ukrainske førarkort blir anerkjend i Noreg vert utvida frå tre til tolv månader.  

På grunn av krigen i Ukraina har Noreg teke imot fleire tusen ukrainske flyktningar, som har automatisk rett på eitt år med kollektiv beskyttelse. Mange av desse har førarkort som dei kan bruke i Noreg, men dei vil miste retten til å køyre bil her etter berre tre månader dersom ikkje regelverket vert endra. Regjeringa ber derfor om at denne utvidast til tolv månadar – like lenge som flyktningane har fått rett til å være i Noreg per i dag.  

Det vil ikkje bli endring i kravet om at flyktningar må ha med gyldig førarkort frå heimlandet for at førarretten skal verte godkjende, men vi vil fylgje med på moglegheita for andre måtar å verifisere førarrettar, deriblant pågåande arbeid i EU.

– Vi kjem til å følgje utviklinga nøye, og er klare til å følgje opp med fleire tiltak og endringar ved behov for det, seier Nygård.  

 

For meir informasjon, sjå oppdragsbrevet til Statens vegvesen.