Ekspertrapport om folkehelse:

Uroa for store og vedvarande helseforskjellar i Noreg

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Store sosiale forskjellar i levealder, ungdom med låg sosioøkonomisk status slit psykisk, og langt meir røyking blant personar med kortare utdanning.

Dette er nokre av funna frå ein ekspertrapport (PDF) som har undersøkt forskjellar innan helse i Noreg sidan 2014. 

Rapporten er bestilt av Helsedirektoratet frå Institute of Health Equity ved University College London (UCL) leia av den anerkjende forskaren sir Michael Marmot.

Store sosiale forskjellar

Rapporten viser mellom anna at:

  • Det er fleire år i forskjell på levealderen til dei mest privilegerte samanlikna med dei meste vanskelegstilte. Avhengig av kva indikator ein brukar kan det vere så mykje som 7,3 for menn og 5,5 for kvinner.
  • Ungdom med foreldre med låg sosioøkonomisk status slit oftare psykisk.
  • Røyking er fem gonger vanlegare blant personar med kort utdanning enn blant personar med høg utdanning.

Bekymringsfull utvikling

– Rapporten viser at vi har eit samfunn med til dels store helseforskjellar avhengig av kva bakgrunn du har. Det er bekymringsfullt, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Ho understrekar at det er viktig å redusere forskjellar i samfunnet for at alle skal kunne leve gode, lange og friske liv.

Stort potensial i reduserte forskjellar

– Å redusere forskjellar er målet for alt vårt folkehelsearbeid, og den raude tråden i folkehelsemeldinga vi legg fram fredag 31. mars, forteller Kjerkol.

– Skal vi sikre samfunnet og helsetenesten si bereevne må vi jamne ut dei sosiale helseforskjellane. Her er det eit stort potensial.