Utlysing: Kulturdepartementet skal kåre årets beste nynorskkommune 2017

Vi oppfordrar kommunar og fylkeskommunar med nynorsk som målform til å søkje. Prisen går til ein kommune eller fylkeskommune som har nynorsk som målform.

Utdeling av prisen Årets nynorskkommune 2017 blir i desember, og vinnaren får 100 000 kroner.

Føremålet med prisen er å stimulere til god nynorskbruk i kommunane.

Kven kan søkje om prisen?

Kommunar og fylkeskommunar som har gjort ein innsats på eitt eller fleire av områda som er nemnde under, kan søkje:

  • aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar 
  • aktiv bruk av nynorsk i kommunikasjonsarbeid. Dette kan til dømes vere heimesider, digitale tenester, skriftleg informasjon til innbyggjarane og marknadsføring av kommunen
  • eigne retningslinjer for nynorskbruk i kommunen
  • tiltak som fremjar bruk av nynorsk i kommunale og interkommunale føretak
  • opplæring i god målbruk for tilsette i kommunen
  • opplæringstilbod for innvandrarar og flyktningar på nynorsk
  • marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement
  • tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule
  • tiltak som utvidar bruken av nynorsk eller fremjar bruken av nynorsk på nye område

Søknadsfristen er 1. november 2017.

Det er kommunane og fylkeskommunane sjølve som søkjer om å bli med i konkurransen.

Kommunar som har søkt tidlegare, er velkomne til å søkje.

Språkrådet leier juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet. I juryen sit også representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.

Merk søknaden ”Årets nynorskkommune” og send han til post@sprakradet.no eller 

Språkrådet
Postboks 8107 Dep
0032 Oslo

Kontaktperson: seksjonssjef Kristin Solbjør, Språkrådet, tlf 97769814