Uttak og utnytting av genetisk materiale

Nærings- og fiskeridepartementet og Klima- og miljødepartementet sender på høyring forslag til forskrift om uttak og utnytting av genetisk materiale, bioprospekteringsforskrifta.

Forskrifta gjeld uttak frå naturen eller utlevering frå offentleg samling med det føremål å utnytte det genetiske materialet. Slikt genetisk materiale gjev mogelegheiter for til dømes utvikling av medisinar, vaksiner og kosmetikk.

Utgangspunktet for forskrifta er at genmaterialet høyrer til fellesskapet, og utnytting av materialet skal komme fellesskapet til gode. Forskrifta skal sikre naturmangfald, stimulere til forsking og næringsutvikling, samt medverke til at fordelane ved å utnytte genetisk materiale blir fordelt på ein hensiktsmessig måte. Forskrifta skal støtte opp under føremålet i artikkel 1 i konvensjonen for biologisk mangfald og i Nagoya-protokollen.

Eit forslag til bioprospekteringsforskrift var på høyring under førre regjering. Forslaget som no blir sendt på høyring skil seg vesentleg frå førre forslag med omsyn til regulering av fordelar frå bruken av slikt materiale og rapporterings- og kontrollrutinar. Det er også gjort justeringar i forslag til føremålsparagraf, og det blir foreslått enklare søknadsprosedyrar for aktørar som gjer fleire uttak direkte frå naturen.

Fristen for høyringsinnspel er sett til 3. oktober 2017.

Høyringsbrev, høyringsnotat og forskriftsforslag finnest her