Utval skal sjå på rammevilkåra til fosterheim

Barne- og likestillingsminister Solveig Horne (FrP) har sett ned eit offentleg utval som skal gå gjennom rammevilkår for ordinære fosterheim. Fosterheim er det mest brukte tiltaket når born ikkje kan bu saman med foreldra sine.

- Vi treng trygge og gode fosterheimar, og må sjå på korleis vi kan ivareta fosterheimane på best mogleg måte. Dei økonomiske rammene for fosterforeldre er viktige, men må ikkje gå utover anna stønad og oppfølging. Utvalet skal blant anna sjå på korleis økonomiske rammer saman med opplæring, tilrettelegging og anna oppfølging på best mulig måte kan bidra til en heilskapleg stønad til barnet og fosterfamilien, seier Horne.

I utvalet er det ti medlemmar som har ulik fagbakgrunn og erfaring frå barnevernsområdet. I tillegg til personar med bakgrunn frå barnerett, trygderett, økonomi, barnevernsfaget, barnevernstenestar og kommunar, er det representantar for fosterforeldra og barnevernsbarna i utvalet. Føremålet er å greie ut rammevilkåra, og å føreslå endringar som kan føre til større føreseielegheit, auka tryggleik og betre tilpassa tiltak.

Utvalet vert leia av Ellen Seip, tidlegare departementsråd i Arbeids- og sosialdepartementet.

Les mandatet her.

Utvalet skal legge fram ein NOU i desember 2018.

Utvalets medlemmar, utnemnde i statsråd 21. april 2017:

  • Ellen Seip, leder, Oslo
  • Lena Lauritsen Bendiksen, Krokelvdalen
  • Arild Riege, Kråkerøy
  • Tore Nilssen, Oslo
  • Amy Holtan, Tromsø
  • Svein Ove Ueland, Søgne
  • Thomas Johansen, Evenes
  • Anika Kurshed, Fjellstrand
  • Irene Belt Friborg, Straume
  • Karete Johansen, Grimstad