Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Velkommen til spørjetime for foreldre

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Onsdag 16. september inviterer regjeringa ved kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby, barne-og familieminister Kjell Ingolf Ropstad og kulturminister Abid.Q.Raja til spørjetime for foreldre. I dag er ikkje informasjonen til foreldre om koronasituasjonen god nok. Difor har vi samla alt foreldre treng å vite på ein stad. Onsdag kveld kjem svara på sentrale spørsmål i "spørjetime for foreldre".

Espen Nakstad frå Helsedirektoratet og Siri Helene Hauge frå Folkehelseinstituttet deltar også.

Tid:  Onsdag 16.09.2020 kl. 20.00

Stad: Marmorhallen, Klima- og Miljødepartementet, Kongens gate 20

Foreldre til barn i barnehage og skole kan sende inn spørsmål på førerhand og undervegs til statsrådane, Nakstad og til Hauge.

Journalistar er også velkomne til å delta. Foreldras spørjetime blir sendt direkte på www.regjeringen.no og er tilgjengeleg dersom fleire vil sjå sendinga etterpå. Frå denne adressa kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til redaksjonar som vil sende direkte.

Kontaktperson for dette kan ein nå på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønsker å legge ut nett-tv-sendinga på eigne nettsider kan bruke følgjande embed-kode:

<div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/sfyx3h4b/wowza.js' type='text/javascript'></script

Kontakt: Journalistar som ønskjer å delta kan kontakte kommunikasjonsrådgjevar i Kunnskapsdepartementet Ragnhild Irene Skaara Imset på mail rask@kd.dep.no  eller mobil 934 35 930, eller Cathrine Slaaen på mail casl@kd.dep.no og mobil 976 77 247