Vernar unike skogar i Nordland

Kongen i statsråd har i dag verna 10 skogområde i Nordland. Områda har unike naturverdiar. Dei to nye naturreservata Auster-Vefsna og Storveltlia-Valmåsen er blant dei viktigaste skogområda som er verna i Noreg nokon gong.

-Ein stor del av det trua naturmangfaldet i Noreg fins i skog. Med dette vedtaket vernar vi nokre av dei aller viktigaste skogområda i landet, seier klima- og miljøministar Vidar Helgesen. 

Vedtaket inngår i arbeidet med vern av viktige skogområde som eigast av Statskog SF. Dei 10 områda omfattar om lag 57 kvadratkilometer nytt verneareal, av dette er ca 33 kvadratkilometer produktiv skog.

Områdene inneheld unike verneverdiar. Det er nå verna store elvedaler med rike skogtyper som kalkskog, lågurtskog og høgstaudeskog. Områda har og kalkrike fjellbjørkeskoger og store samanhengande areal med gamal barskog. Dei nye naturreservata er leveområde for mange trua og nær trua artar.

-Skogvern er eit naudsynt og effektivt tiltak for å sikre norsk naturmangfald. Eg er glad for at vi no får på plass desse viktige verneområda, seier klima- og miljøministeren.

Oversiktsbilde over deler av Auster-Vefsna naturreservat
Oversiktsbilde over deler av Auster-Vefsna naturreservat Foto: Christian Brun-Jenssen

Følgjande område er no verna:

  1. Auster-Vefsna naturreservat, Grane og Hattfjelldal kommunar
  2. Danielsåsen naturreservat, Grane kommune
  3. Bakomsmitt naturreservat, Hattfjelldal kommune
  4. Forradalen naturreservat, Grane kommune
  5. Geitklauvmyra naturreservat, Grane kommune
  6. Indre Pantdalen naturreservat, Hattfjelldal kommune
  7. Litle Fiplingdalselva naturreservat, Grane kommune
  8. Sirijorda naturreservat, Vefsn kommune
  9. Stavasselva naturreservat, Grane kommune
  10. Storveltlia-Valmåsen naturreservat (utvidelse), Hattfjelldal kommune

Regjeringa har i slutthandsaminga vurdert grundig omsyn til andre interesser som skogbruk, skogindustri, mineralførekomster og vasskraft. Av omsyn til desse interessane er det i nokre av områdene tatt ut areal som har begrensa skogvernverdiar. Av omsyn til skogbruksinteressane vernast ikkje området Storvassåsen i Grane kommune no. Spørsmålet om vern av området Almdalsforsen avventar vedtak i to kraftutbyggingssaker.  

Verneforskrifter for 10 skogområde i Nordland (pdf)

Foredrag for 10 skogområde i Nordland

Sjå kart over områda (lenkje)

Fra Sirijorda naturreservat
Fra Sirijorda naturreservat Foto: Christian Brun-Jenssen