Vestre reiser til Rogaland på budsjettdagen

Stad: Rogaland

Næringsminister Jan Christian Vestre besøker Stavanger, Eigersund og Haugesund i samband med fremleggelsen av statsbudsjettet torsdag 6. oktober.

Programmet til næringsministeren startar med eit besøk hos Nysnø Klimainvesteringer klokka 10.15. Deretter besøker han Eigersund klokka 13 og vidare til Haugesund for å møte næringsforeininga klokka 16.30.

Presse som ønsker å dekke reisa til næringsministeren kan kontakte kommunikasjonsrådgivar Yngve Angvik på 459 56 199 eller Yngve.Angvik@nfd.dep.no