Vigsling av ny biskop i Bjørgvin bispedømme

Sjekkes mot fremføring

Vyrde konge,  

Venner i Bjørgvin bispedømme,

Kjære biskop Ragnhild Jepsen,

Eg fekk gleda av å møte deg i Trondheim i haust – i samband med at eg og mitt departement tok over ansvaret for Nasjonaljubileet for 1000-årsmarkeringa for Slaget på Stiklestad. Eg møtte ei tydeleg, klar og engasjert dame. Ei som eg óg opplevde som varm og truverdig. Og ikkje minst, kunnskapsrik og konstruktiv.

Etterpå har eg høyrt at dette er beskrivelsar som ofte blir trekt fram om deg. Ein tydeleg leiar med stor varme. Ei som er meir glad i kyrkja enn alle ein kjenner. Ein samlande brubyggar. God teolog og forkynnar. Ei som kjenner kulturlivet, samfunnslivet og politikken, men også bedehuset, rådsstrukturen i kyrkja og levd liv i bygdene, og som dessutan er medlem i mållaget.

Betre skussmål skal ein vel sjå langt etter.

I deg får Bjørgvin sin første kvinnelege biskop. Etter 1000 år med kristendom meiner eg det er på sin plass. Det er ein historisk merkedag i eit bispedømme som er eit av Noregs eldste – og største både når det gjeld sokn og prestar.

Vår grunnlov slår fast at Den norske kyrkja skal vere den norske folkekyrkja. 

I ei folkekyrkje er det viktig at alle kjenner at det er plass for dei. Uansett bakgrunn. Uansett kjønn og legning. Og uansett om trua er liten eller stor. Det er eg trygg på at du, biskop Ragnhild, vil sikra. 

Kjære biskop Ragnhild. Du har ord på deg for å vere samlande. Som har fokus på å leggje til rette for at alle som søkjer til kyrkja i Bjørgvin kjenner seg velkommen, ønska og heime. Du har sjølv sagt at du toler å stå i det som er smertefullt. Di teneste som biskop, Ragnhild, vonar eg er akkurat det eit bispedømme med stort mangfald treng.

For det er det Bjørgvin bispedømme er. Eit stort bispedømme, med eit stort mangfald. Rikt på ressursar og rikt på kultur. Eit bispedømme som for meg er heime, og som eg håpar du raskt også vil kjenne som heime. Som stolt vestlending, er det ei ære å få ønskje den nye biskopen velkommen.

No skal du leie bispedømmet inn i ein ny historisk periode.

Det inneber óg at du framleis skal vere sentral i førebuinga av 1000-årsjubileeumet. Men no frå Bjørgvin, og mellom anna med ei markering av kristenretten som vart sett på på Moster. Jubileumsmarkeringa er med andre ord i dei beste hender.

Til slutt:

Eg høyrde deg sei at barn og unge ikkje er dei som ein gang skal finne sin plass i kyrkja. Dei er kyrkja no. Dei gjer kyrkja sann, no. Og at du ser fram til å arbeide tett med ungdomsrådet i bispedømmet om korleis de skal møte utfordringar i samfunnet saman. Det er musikk i øyrene til ein barneminister og kyrkjeminister. Måtte di tid som biskop bidra til å inspirere og begeistre!

Kjære biskop,

Gratulerer med dagen! Og takk for at eg fekk komme hit i dag og ta del i denne historiske dagen for både deg og heile kyrkja.