Viktig klimamøte i Kinshasa

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Miljøministere frå over 50 land møtest denne veka i Kinshasa til eit siste internasjonalt førebuingsmøte før COP27.

Ekstremvêr, flaumar og tørke rammar heile verda, og vil òg prega årets klimatoppmøte. Avlinger blir øydelagt av både tørke og flaum, og bidrar til auka matvareprisar, verda over. Mangel på vatn forsterkar matvarekrisa ytterlegare, og rammar òg energiproduksjonen. Dette er bakteppet når miljøministrane i verda møtest i Kinshasa denne veka for å førebu klimatoppmøtet COP27 i november.

Dei vanskelegaste spørsmåla skal på bordet

Møtet i Kinshasa skal behandla nokon av dei mest krevjande spørsmåla inn mot COP27.

Eit av desse er utsleppsreduksjonar. Utgangspunktet er at utsleppsreduksjonane går for sakte. Verda ligg langt bak å nå dei måla som er sette for klimakutt i Paris og Glasgow. Noregs posisjon er at COP27 må bidra til forsterka klimamål og etablering av gode samarbeidsplattformer for å følgja opp arbeidet med utsleppskutt fram mot 2030. 

Tap og skade

Eit anna krevjande tema er diskusjonen om tap og skadde. Bakgrunnen er at klimaendringane rammar ulikt, og dei landa som rammes hardast er ofte land som ikkje har ansvar for globale klimaendringar. Derfor meiner fattige land som er hardt ramma av konsekvensar av klimaendringar at det må opprettast ein mekanisme under klimakonvensjonen som sikrar at betaling for tap og skade blir kanalisert frå rike land til fattige land. Denne diskusjonen utfordrar samarbeidsklimaet og er sterkt aktualisert av ekstremvêrhendingane i sommar. Noregs posisjon er at rike land har eit særleg ansvar i å støtta fattige land når dei blir utsette for ekstremvêrhendingar, og at rike land bør sørga for rask oppskalering av pengebidrag til sårbare utviklingsland i tilpassa seg klimaendringar, og førebygga og handtera konsekvensane av klimaendringane.

Klimafinansiering

I løpet av det to dagar lange formøtet i Kinshasa skal klimatoppane òg diskutera klimafinansiering. Utgangspunktet er at dei rike landa må skalera opp klimafinansieringa si viss dei skal levera på løftet frå København om å bidra med 100 milliardar dollar til utviklingsland, og innan dette doble det som går til klimatilpasning innan 2025.

Noreg har i samband med dette annonsert at vi skal dobla den internasjonale klimafinansieringa vår innan 2026, og som ein del av dette minst triple finansieringa av klimatilpasning i fattige land.