Vil fornye statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging

Kommunal- og distriktsdepartementet har sett igang arbeid med å gå igjennom dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal og transportplanlegging.

- Regjeringa skal leggje til rette for busetting og verdiskaping i heile landet. Eg meiner det er viktig at kommunane får auka handlefridom blant anna når det gjeld kvar i kommunane nye bustadar skal byggast. Eg vil derfor sette i gang arbeidet med å fornye retningslinjene slik at dei også legg til rette for vekst og utvikling i område med svak auke eller nedgang i folketal, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Som del av arbeidet har departementet motteke ein rapport frå rådgjevargruppa Civitas, By- og regionforskingsinstituttet NIBR ved OsloMet og Cicero – senter for klimaforsking av dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. I fylgje deira rapport er dagens retningslinjer godt tilpassa dei større byane, men ikkje i like stor grad tilpassa område med lågt utbyggingspress. 

- Noreg er eit langstrakt land med store variasjonar. Det er svært ulike behov i kjernen av ein storby og i spreidtbygde område. Eg meiner det er viktig at arealpolitikken i større grad reflekterer det, seier Gjelsvik.

Retningslinjene har i fylgje evalueringa bidrege til kompakt byutvikling, samstundes som dei i mindre grad har sikra omsyn til dyrka og dyrkbar mark, natur- og friluftsområde, samfunnstryggleik og klimatilpassing.

- Krigen i Europas kornkammer synleggjer kor viktig det er å ta vare på matjorda og auke sjølforsyninga i Noreg. Dernest må ein gjennom planlegginga ivareta natur- og friluftsområde og legge til rette for gode bumiljø i både i bygd og by, seier Gjelsvik.

Evalueringa syner at retningslinjene har fungert godt som planfagleg bevisstgjering både hjå offentlege myndigheiter og i privat sektor. Evalueringa drøftar og kjem med fleire forslag til korleis planretningslinjene kan justerast slik at nasjonale og regionale omsyn blir varetekne i kommunale planar, og at ulike omsyn i ulike sektorar vert samordna og avvege på alle nivå.

- Vi vil no gå igjennom forslaga vi har motteke  gjennom denne rapporten og andre evalueringar og utgreiingar, og alle dei innspel vi har motteke frå folk, næringsliv og kommunar landet rundt, seier Gjelsvik.

Arbeidet med revidering og fornying av retningslinjene vil krevje ein grundig og god prosess med ulike aktørar og det vil sjåast i samanheng med nye nasjonale forventningar til planlegging i kommunar og fylke som skal lanserast våren 2023.