Vil gjere det enklare å bygge i område utsette for flodbølge som følge av fjellskred

Dette innholdet er mer enn 1 år gammelt.

Departementet sender no på høyring forslag til endringar i byggereglane, som skal legge betre til rette for vidare utvikling og verdiskaping i område som kan vere utsette for skred og flodbølge. Endringsforslaga er første ledd i eit større arbeid med å vurdere krava til sikkerheit mot flaum og skred.

Store delar av Noreg er prega av fjordar og dalar som er omgitt av høge og bratte fjellsider. I fleire av desse områda kan det gå fjellskred som forårsakar flodbølge. Fjellskredrisikoen i ulike delar av landet vert stadig meir kjent som følge av omfattande kartlegging.

– Det er viktig at vi får meir og betre kunnskap om fjellskredfare, fordi dette gir auka sikkerheit i områda det gjeld. Kartlegginga har samtidig vist at regelverket slår uheldig ut, og at det i nokre tilfelle fører til stans i nødvendig utvikling av lokalsamfunn. Eg har fått tilbakemelding både frå faginstansar og kommunar om at regelverket er unødig strengt, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Departementet foreslår mellom anna at det ikkje skal vere totalforbod mot plassering av storulykkeverksemder i skredutsette område. Det blir også foreslått enklare reglar for mellombelse brakkeriggar som er nødvendige i samband med bygge- og anleggsarbeid. Det er ein føresetnad at personsikkerheita er sikra gjennom overvaking.

I tillegg foreslår departementet at ein skal kunne få unntak frå  byggerestriksjonar i område utsette for flodbølge,  der personsikkerheita er sikra ved eit beredskapssystem med periodisk overvaking. Tidlegare har det berre vore mogleg å få unntak dersom NVE overvakar området kontinuerleg.

– Det har vore ei kunnskapsutvikling på feltet som viser at ein kan ta hand om vareta sikkerheita på nye måtar. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) overvaker fleire flodbølgeutsette område, enten kontinuerleg eller periodisk. Ein ser no at også periodisk overvaking gir tilstrekkeleg personsikkerheit. Regelverket må oppdaterast for å gjenspegle dette, seier Gjelsvik.

Forslaga til endringar skal legge til rette for å oppretthalde verdiskaping, utvikling og levedyktige lokalsamfunn i fareområdar, samtidig som personsikkerheita er ivaretatt.

Høyringa blir lagt ut på nettsida til Direktoratet for byggkvalitet.

Høyringsfrist er 9. august 2022.