Vil sikre forbrukarane ei raskare handsaming av klager

Regjeringa vil sikre eit godt klagetilbod for alle forbrukarar. Forbrukarane skal framleis kunne klage på alle typar varer uansett pris, men tiltak er naudsynt for å sikre at forbrukaren raskt skal få hjelp med ei klagesak.

Ønskjer ein forbrukar å klage på ei vare, kan han fyrst sjølve klage til seljaren. Slik blir dei fleste forbrukarklagene løyste. Dersom kjøpar og seljar ikkje blir samde, kan dei klage saka inn til mekling hos Forbrukartilsynet. Partar som ikkje blir samde gjennom mekling, kan ta saka vidare til Forbrukarklageutvalet.

I 2023 fekk Forbrukartilsynet inn 10 684 saker, og handsama 8084 saker. Den gjennomsnittlege handsamingstida var 115 dagar. Talet på mottatte saker for mekling i 2023 blei over 50 prosent høgare enn i 2022 og handsamingstida er difor aukande. Forbrukarklageutvalet fekk inn 1001 saker i fjor. Gjennomsnittleg handsamingstid i utvalet var i 2023 om lag eitt år, men har dei siste åra variert frå kort ventetid til ei ventetid på over to år. 

Forbrukarar som må vente lenge på handsaming av saka si, til dømes ved usemje om ein bil som ikkje fungerer, kjem i ein vanskeleg situasjon. Alternativet er å bringe saka inn for domstolane. Det er difor avgjerande for eit godt tilbod at forbrukaren får raskt hjelp.

Departementet har hatt på høyring forslag om sakshandsamingsgebyr og verdigrenser for klager som blir handsama av Forbrukartilsynet og Forbrukarklageutvalet. Regjeringa har lytta til svara i høyringa og innfører ikkje verdigrenser no.

– Vi er opptatte av å gi eit godt og heilskapleg tilbod til forbrukarane. Eg har fått nyttige innspel om at mekling hos Forbrukartilsynet og tilbodet frå Forbrukarklageutvalet bør vere tilgjengeleg for alle saker, både av liten og stor verdi. Vi vil difor ikkje sette grenser for kva for saker ein kan klage inn no, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

For å sikre at ressursane til klagehandsaminga blir prioriterte på riktig måte, meiner regjeringa det likevel for naudsynt å innføre eit gebyr på 255 kroner (0,2 rettsgebyr) for mekling i Forbrukartilsynet og 1277 kroner (eitt rettsgebyr) for å klage til Forbrukarklageutvalet.

Gebyret utgjer ein mindre del av kostnaden ved klagehandsaminga, og staten vil framleis dekke over 90 prosent av kostnadene. Etter at ein har sett på effektane av gebyr, vil ein eventuelt sjå på spørsmålet om verdigrense på nytt.

– Hensikta med forslaga har vore å styrkje forbrukarvernet, slik at tilbodet blir effektivt og godt i sakene som har størst betydning for forbrukarane. Eg meiner at det ikkje er urimeleg at den som ønskjer å nytte dette gode tilbodet betaler ein liten eigenandel for få ei klage handsama av Forbrukartilsynet og Forbrukarklageutvalet, seier Toppe.

Sakshandsamingsgebyret blir innført frå 1. juli 2024.