Forsida

Vil styrke tryggleiken for sjøfiberkablar og telekomtenester på norsk sokkel

Regjeringa styrker telekomberedskapen på norsk sokkel, og løyver 43 millionar kroner ekstra på årets budsjett til fleire tiltak som tryggjer norsk olje- og gassproduksjon.

 - Noregs posisjon som gassleverandør er særleg viktig for Europa. Vi kjem no med fleire tiltak som raskt kan auke tryggleiken for digital infrastruktur som norsk olje- og gassproduksjon er avhengig av, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp). 

Tiltakspakka består av:

  • Ei støtteordning for innkjøp av ny teknologi som gjer at truslar mot sjøfiberkablar kan identifiserast.
  • Midler til å gjennomføre undersøkingar av viktige sjøfiberstrekk.
  • innkjøp av utstyr som kan avdekke forstyrrelser av satellittbaserte tenester med til dømes GPS på norsk sokkel.

Sjøfiberkablar utgjer ein viktig del av den digitale infrastrukturen på sokkelen. Ny teknologi kan påvise moglege truslar mot sjøfiberkablar, til dømes ved å analysere akustiske signal. Regjeringa føreslår no å etablere ei stønadsordning slik at sjøfiberkablar kan utstyrast med slik teknologi. I tillegg vil regjeringa at midlar kan gå til å undersøkje tilstanden på viktige sjøfiberkablar på norsk sokkel.  

Forstyrringar av satellittbaserte tenester, slik som GPS, kan vere ei utfordring for fleire næringar. Regjeringa vil derfor auke Nkom sin kapasitet med utstyr for betre å kunne avdekkja forstyrringar av satellittbaserte tenester på norsk sokkel. Dette arbeidet er allereie starta. 

- Med desse tiltaka vil regjeringa styrke tryggleiken på norsk sokkel, både når det gjeld utfall av telekomtenester og førebygging og handtering av moglege truslar, seier Gjelsvik.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no