Vil styrkje rettstryggleiken og menneskerettane i foreldretvistsaker

Regjeringa legg no fram eit lovforslag om at barnesakkunnig kommisjon skal vurdere kvaliteten på utgreiingar frå sakkunnige i foreldretvistsaker før retten kan bruke dei som bevis.

Det er eit problem at det er for stor variasjon i kvaliteten på utgreiingar frå sakkunnige i foreldretvistsaker, og at låg kvalitet ikkje alltid blir oppdaga av retten.

– Forslaget vårt styrkjer rettstryggleiken til både barn og foreldre. Foreldretvistsaker for domstolen handlar om saker der foreldre er i djup konflikt om felles barn. Det kan mellom anna handle om samværshindring eller påstandar om vald og overgrep. I slike tilfelle er god utgreiing og rettstryggleik avgjerande, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

God utgreiing av saker som kan ende i ei avgjerd om inngrep i retten til familieliv, er viktig for å hindre brot på menneskerettane. Grundig og brei utgreiing av saka gjer at prosessen blir meir forsvarleg og godt i samsvar med menneskerettane.

Utgreiingar frå sakkunnige tilfører kunnskap som retten manglar, og blir ofte avgjerande for utfallet av dommen.

– Det er ikkje haldbart når vi ser at kvaliteten på det sakkunnige arbeidet varierer. Svake rapportar kan føre til uriktige avgjerder, og at barn veks opp i skadelege omsorgssituasjonar. Med dette forslaget vil dei dårlege utgreiingane bli luka ut, og vi sikrar betre rettstryggleik, seier statsråden.

Barnesakkunnig kommisjon er ein uavhengig kommisjon oppnemnd av departementet som i dag vurderer alle utgreiingar frå sakkunnige i barnevernssaker. Kommisjonen består av ein kommisjonsleiar og 13 kommisjonsmedlemmer som er oppnemnde av Barne- og familiedepartementet for ein periode på inntil fire år.

Les lovforslaget her.