Foreldretvistar

Av omsyn til barnet, er det viktig at foreldra fokuserer på barnets behov og samarbeider om foreldreskapet.

Barnets beste skal vere avgjerande ved avtalar og avgjersler om foreldreansvar, kvar barnet skal bu fast og samvære. Kva barnets beste er i kvar enkelte sak må vurderast for kvart enkelt barn.

Forsking viser at det kan vere skadeleg for barn dersom det er eit høgt konfliktnivå i heimen over lang tid. Utgangspunktet er at foreldre som ikkje bur i lag skal gjere avtalar om felles barn. Familieverntenesten kan hjelpe til å inngå og endre avtalar, og kan rettleie og støtte foreldre som har behov for å styrkje foreldresamarbeidet.

Foreldre som ikkje vert einige om foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet,  kven barnet skal bu fast saman med eller samvære, kan leggje saka fram for domstolen. Foreldre må møte til mekling før dei kan ta saka til domstolen. Føremålet med meklinga er at dei skal få hjelp til å kome fram til ein avtale om barnet.

Les meir: