Mekling og foreldresamarbeid

Gifte og sambuande foreldre med barn under 16 år som går frå kvarandre og foreldre som vurderer å ta sak til domstolen kan få inntil 7 timar gratis mekling.

Dei har plikt til å møte til éin time mekling. Målet med mekling er at foreldre skal få hjelp til å kome fram til avtalar om bustad og samvære etter samlivsbrot.

Meklarar ved familievernkontor og eksterne meklarar har som oppgåve å hjelpe foreldra med å kome fram til ei skriftleg avtale om foreldreansvar, kvar barnet skal bu fast og samvære. Under meklinga skal ein legge vekt på kva som vil vere den beste ordninga for barnet.  

Foreldra kan også nytte familievernkontora sitt tilbod for øvrig dersom dei ynskjer meir hjelp. Dette kan vere hjelp til å betre foreldresamarbeid, terapi og samtalegrupper for både foreldre og barn. Ein treng ikkje attest frå lege for å nytte seg av hjelpetilbodet og det er gratis.

Regelverk: