Julekalender 2015: Vinnar av julequiz 9. desember er kåra

Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet tilbyr i år på ein quiz med eit nytt spørsmål om lokalmat og lokale matprodusentar kvar dag frå 1. til 24. desember. Vinnaren av quiz 9. desember er: Kari-Ann Dragland Stangen.

Premien er såpe og shampo frå Marthahaugen gård.

Produkt frå Marthahaugen gård.
Produkt frå Marthahaugen gård. Foto: Marthahaugen gård

Spørsmål i quiz 9. desember var: 

Kva er eit anna namn på Gamal norsk sau?

Rett svar er: Villsau

Kvar dag blir det kåra ein vinnar, som blir premiert med flotte lokalmatprodukt.

I tillegg til dagspremiane blir det trekt tre vinnarar av gavekort til 2 personar for eitt døgn (laurdag-søndag) med kost og losji enten hjå Torbjørnrud HotellLindesnes Havshotell eller hjå Handelstedet Forvik. For å vere med i denne trekninga må du ha deltatt og svart riktig på quizen alle dagane i kalenderen.

Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet tilbyr i år på ein quiz med eitt nytt spørsmål om lokalmat og lokale matprodusentar kvar dag frå 1. til 24. desember. Du kan vinne flotte lokalmatprodukter kvar dag.