Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Evaluering av utviklingsprogrammet "Saman om ein betre kommune

Oslo Economics har på oppdrag for Kommunal- og moderniseringsdepartementet evaluert utviklingsprogrammet "Saman om ein betre kommune".

Programmet varte frå 2011 til 2015, og hadde som mål å ta tak i nokon av dei viktigaste utfordringane i kommunesektoren. Totalt deltok om lag 110 kommunar i programmet i løpet av programperioden.

Programmet fokuserte på fire hovedtema: Sjukefråvær, heiltid/deltid, kompetanse/rekruttering og omdømme. 

Deltakarkommunane har jobba med eitt eller fleire av desse hovedtemaa. Kommunane har jobba saman i mindre nettverksgrupper, satt sammen etter kva tema dei har jobba med.

Oslo Economics har evaluert programmet, og sett på i kva grad satsinga nådde målsetjingane. Videre har dei sett på kva for effekter satsinga har hatt, om programmet har klart å spreie erfaringane, kva erfaringar, resultat og gevinstar programmet har oppnådd på sentralt nivå, om verkemidla som blei brukt fungerte, og om programmet har vore organisert på ein føremålstenleg måte.

Evaluering av utviklingsprogrammet "Saman om ein betre kommune" (pdf)

Til toppen