Historisk arkiv

Høyring om ny lov om Opplysningsvesenets fond

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Som eit ledd i oppfølginga av skiljet mellom stat og kyrkje og stortingsmeldinga om Opplysningsvesenets fond, blir no forslag til ny lov om Opplysningsvesenets fond sendt på høyring.

– Dette er enda eit viktig steg i åtskiljinga mellom stat og kyrkje, som blei formelt vedtatt i vår, seier trus- og livssynsminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Verdiane i Opplysningsvesenets fond skal delast mellom Den norske kyrkja og staten: Den norske kyrkja skal overta eigedommar som er av særskilt kyrkjeleg verdi, og blir eigar av desse. Staten får eigedomsretten til resten av fondet, etter overføringa av eigedommane til Den norske kyrkja.

I samband med behandlinga av stortingsmelding om Opplysningsvesenets fond blei det vedteke at staten skal setje i verk ein satsing på istandsetjing kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. Summen av denne satsinga skal vere tilsvarande storleiken på dei verdiane staten overtar frå Opplysningsvesenets fond i 2023.

– Dette er ein spennande prosess, ikkje minst fordi ei istandsetjing av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg vil vere med på å sikre den norske kulturarven. Dei gamle kyrkjebygga vil bli meir tenlege for bruk, til glede for lokalsamfunna rundt om i landet. Dette vil bli startskotet for eit langsiktig bevaringsprogram for kulturhistorisk viktige kyrkjebygg, seier Ropstad.

Hovudgrunnen til at det no blir fremja ei nye lov om Opplysningsvesenets fond er for å legge til rette for at staten og kyrkja på kvar si side kan bli eigar av verdiar som i dag ligg i fondet.

Forslaget blir no sendt på offentleg høyring med frist 30. januar 2021

Les høyringsforslaget her.