Høring - Ny lov om Opplysningsvesenets fond
Høring | Dato: 30.11.2020 | Barne- og familiedepartementet
Barne- og familiedepartementet sender med dette på høyring forslag til ny lov om Opplysningsvesenets fond.
Grunnlaget for endringa er Stortinget si behandling av Meld. St. 29 (2018-2019) Om Opplysningsvesenets fond, jamfør Innst. 209 S (2019-2020). Vedtaka inneber at fondet skal delast slik at Den norske kyrkja vederlagsfritt får eigedomsretten til eigedommar som har særskilt kyrkjeleg verdi, medan staten blir eigar av resten av verdiane i fondet. Stortinget legg til som ein føresetnad at staten aukar sin innsats for å ta vare på og setje i stand kulturhistorisk viktige kyrkjebygg, i eit omfang som svarar til den verdien av fondet som staten overtek.
Formålet med ny lov for fondet er å legge det rettslege grunnlaget for å dele fondet mellom staten og Den norske kyrkja. Kva for delar som bør overførast til Den norske kyrkja, blir vurdert i eit eige prosjekt der staten og Den norske kyrkja er partar med likt verde, slik Stortinget har føreskrive. Den nye lova vil erstatte lov 7. juni 1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets fond. Kva for retningslinjer som bør gjelde for forvaltinga av fondet, er ikkje høyringstema.
Høyringssvar kan leverast digitalt på nettsidene våre. Alle kan gi høyringsfråsegn og svara er som hovudregel offentlege etter offentleglova og vil bli publisert.
Høyringsfrist: 30. januar 2021
Med helsing
Cathrin Sætre (e.f.) ekspedisjonssjef
|
Ellen Ur avdelingsdirektør |
Dokumentet er elektronisk signert og har derfor ikke håndskrevne signaturer
Høringsliste
Departementene
Forvaltningsorganet for Opplysningsvesenets fond
Riksantikvaren
Riksrevisjonen
Kirkerådet
Norges Kristne Råd
Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn
Human-Etisk Forbund
KA Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon
KS
Den norske kirkes presteforening
Fagforbundet teologene
Fortidsminneforeningen