Historisk arkiv

Samarbeid om multirolle tank- og transportfly

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Forsvarsdepartementet

Regjeringa har bede om Stortinget si godkjenning til at Noreg skal inngå i det europeiske samarbeidsprogrammet om felles anskaffing, drift og bruk av ein fleirnasjonal flåte av multirolle tank- og transportfly (MRTT). Kostnadene for Noreg si deltaking i MRTT-samarbeidet vil bli dekt innanfor Forsvarsdepartementet sine gjeldande budsjettrammer.

Illustrasjonsbilde av multirolle tank- og transportfly (MRTT).
Illustrasjonsbilde av multirolle tank- og transportfly (MRTT). Foto: Airbus

Luft-til-lufttanking er ein viktig føresetnad i luftoperasjonar. For å kunne møte dei operative utfordringane i framtida og ivareta ein effektiv utnytting av vårt kampflyvåpen, er det naudsynt å ha lufttankingskapasitet. Forsvaret nyttar i dag kjøp, eller leige av tankflytimer frå allierte kapasitetar for å halde norske kampflygarar operative på luft-til-lufttanking.

- Fly med tank- og transportkapasitet er ein høgt etterspurd kapasitet i NATO. Det fleirnasjonale MRTT-samarbeidet, som er eit europeisk initiativ for å auke MRTT-kapasiteten i Europa, vil og bidra til meir balanse i byrdefordelinga mellom Europa og USA. Det vil vidare bidra til å dekke Noreg sitt behov ved at vi går forpliktande inn med eit visst tal på flytimer per år, seier forsvarsminister Ine Eriksen Søreide.

Nederland og Luxembourg har vore forplikta i MRTT-samarbeidet sidan juli 2016, og det er inngått kontrakt på dei to fyrste tankflya med opsjon på ytterlegare seks fly frå leverandøren Airbus Defence Systems. Det fyrste flyet er venta å vere operativt frå 2020.

Regjeringa vil ta stilling til ambisjonsnivået for Noreg sin del av dette samarbeidsprosjektet, og vil forplikte seg til samarbeidet gjennom å signere ein bindande avtale om anskaffinga i løpet av 2017. Saman med Belgia og Tyskland underteikna Noreg ein intensjonsavtale om dette på NATO sitt forsvarsministermøte våren 2017.