Historisk arkiv

Demensplan 2020 på høyring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet har nå sendt Demensplan 2020 på høyring. Målet med planen er å skape eit meir demensvennleg samfunn som integrerer personar med demens i felleskapet.

–Demens angår oss alle, men det er framleis for lite openheit og mykje skam knytta til demens. Eg er difor veldig glad for at personar med demens og deira pårørande har bidratt så aktivt i arbeidet med planen, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

For å få innspel og råd har Helse- og omsorgsdepartementet arrangert dialogmøte over heile landet for personar med demens, pårørande, frivillige og tilsette i tenestene.

I utkast til ny plan foreslår blant anna regjeringa å innføre ei plikt for kommunane til å tilby eit dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens fra 1.januar 2020. Eit anna forslag er å utvikle brukarskolar for personar med demens. Skolen skal vere ein møteplass for utveksling av erfaringar og gjensidig støtte. Mange snakkar om tida etter at dei hadde fått demensdiagnosen som "eit sort hol". Det vert difor foreslått å utvikle tiltak for betre oppfølging etter diagnose.

Høyringsfrist er 1. september.

Les utkast til Demensplan 2020

 

Vibeke Johnsen i Nasjonalforeningen for folkehelsen, Ole Gudmund Karlsen, Bent Høie og Kari Midtbø Kristiansen i Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse.
Vibeke Johnsen i Nasjonalforeningen for folkehelsen, Ole Gudmund Karlsen, Bent Høie og Kari Midtbø Kristiansen i Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse. Foto: Helse- og omosrgsdepartementet