Historisk arkiv

Opnar for at skular kan gjere tilpassingar i fag- og timefordelinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Kunnskapsdepartementet har fastsett at det òg dette skuleåret kan gjerast tilpassingar i fag- og timefordelinga dersom visse vilkår er oppfylte. I enkelte tilfelle kan det òg gjerast avvik frå kompetansemål. Dette må vurderast lokalt av skuleeigar, og det må leggast stor vekt på elevanes beste i vurderinga av kva tilpassingar som blir gjorde.

Både stengde skular og ein annleis opplæringssituasjon på grunn av omsyn til smittevern inneber at det kan vere svært utfordrande å overhalde dei vanlege krava under pandemien. Skulane har plikt til å gi opplæring, men har ulike føresetnader for å få gjennomført opplæring som normalt.

For skuleåret 2019–20 vart det derfor opna for at det på visse vilkår kunne gjerast unntak frå ordinær fag- og timefordeling og i einskilde tilfelle òg frå kompetansemål. Eit forslag om ei tilsvarande føresegn for dette skuleåret var på høyring før påske, og forslaget fekk brei støtte.

Skal leggast stor vekt på elevanes beste

På same måte som førre skuleår, kan skuleeigarar berre gi færre timar med opplæring enn det som er fastsett i fag- og timefordelinga dersom det er nødvendig og forsvarleg. Det skal leggast stor vekt på elevane sitt beste i vurderinga av kva tilpassingar som kan gjerast. Inkludert moglegheita elevane har til å få utbytte av opplæringa og oppnå kompetansemål, og kva som vil vere ei forsvarleg arbeidsbelastning for elevane.

Det kan takast omsyn til vedtak om stenging og andre avgrensingar med heimel i smittevernloven som påverkar korleis opplæringa blir organisert, men det kan ikkje takast økonomiske omsyn. Kompetansemåla i faga gjeld i utgangspunktet fullt ut. Kompetansemål i det enkelte faget kan berre fråvikast dersom det på grunn av krav til smittevern ikkje har vore tilgang på nødvendig utstyr og lokale, og det ikkje er mogleg å gi opplæringa seinare eller på ein annan måte.

Dersom skulane kan ha andre opplæringsaktivitetar som kan bidra til å nå måla , er det ikkje høve til å fråvike kompetansemål.