Historisk arkiv

100 millionar til realfagsatsing i skolen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa føreslår å bruke over 100 millionar kroner på nye tiltak mot realfagsproblemet i skolen.

– For mange elevar lærer ikkje det mest grunnleggande i matematikk og naturfag. Derfor føreslår regjeringa ein ekstra time i naturfag på barnetrinnet og målretta tiltak for å styrke opplæringa i realfag, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Det blir opp til kommunane å avgjere om den ekstra timen i naturfag i veka skal leggjast til 5., 6., eller 7. trinn. Prislappen er på 80 millionar kroner i 2016, og 190 millionar kronar frå 2017. I tillegg skal arbeidet med realfag styrkast med 20 millionar kroner. Regjeringa vil bruke pengane til å utvide ordninga med realfagskommunar, å styrke tilbodet til elevar som presterer på høgt nivå og tiltak for betre læring for dei som slit i faget.

20 millionar til lese- og skrivetiltak
Regjeringa vil betre språk-, lese- og skriveopplæringa i barnehagar og i grunnskolen. Det er sett av 20 millionar til å styrke kompetansen til  lærarar og barnehagetilsette. Satsinga skal særleg ta omsyn til gutar, minoritetsspråklege barn, elevar som har lese- og skrivevanskar og høgt presterande elevar.

1,1 milliardar til vidareutdanning
Regjeringa fortset satsinga på å gi lærarar etter- og vidareutdanning. Det betyr at det blir lagt opp til 5050 plasser til vidareutdanning for lærarar også i 2016, og stipend- og vikarordninga skal vidareførast. Dette inneber ein budsjettauke på 148  millionar kroner i 2016.

Større versjon

Meir pengar til skolebygg

I statsbudsjettet for 2009 blei det etablert ei rentekompensasjons­ordning for skole- og symjeanlegg. I løpet av åtte år skulle kommunar og fylkeskommunar få lov til å ta opp lån for inntil 15 milliardar kroner, og staten skulle betale rentene for heile denne lånesummen. I budsjettet for 2016 foreslår regjeringa at kommunar og fylkeskommunar kan låne opptil 1,5 milliardar kroner for å pusse opp skolar og symjeanlegg. Kostnadene til staten vil vere på 7,5 millionar kroner i 2016. Med dette forslaget er heile investeringsramma på 15 milliardar kroner fasa inn.

Antimobbetiltak

Det er sett av nærare 40 millionar kroner til arbeidet for eit godt læringsmiljø i skoler og barnehagar. Det skal blant anna utviklast ein ny nettportal med praktisk informasjon til barn og unge og foreldre om rettane deira, og kor dei kan få hjelp, dersom dei opplever mobbing.Støtta til mobbeprogram blir ført vidare, og det same gjeld midlar til lokale team som skal førebygge mobbing.

Statsbudsjettet 

Opphavsretten til grafikkene tilhører Nyhetsgrafikk. Ønsker du å bruke noen av grafikkene så ta kontakt med Kommunikasjonsnehten ved Ajfer Husejin