Historisk arkiv

Regjeringa vil lovfeste plikt for fylkeskommunen til å drive karriererettleiing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

– Regjeringa vil lovfeste at fylkeskommunen pliktar å ha eit tilbod om gratis rettleiing. Det seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Framlegget om endring gjeld opplæringslova. Forslaget til Stortinget passerte statsråd i dag.

– Vi vil at fylkeskommunen skal gje gratis rettleiing til innbyggarane sine, seier Melby. Statsråden legg til at dette bør skje i samarbeid med NAV.

Dei fleste er positive

Etter at høyringsfristen var over, viste det seg at dei aller fleste høyringsinstansane var positive til framlegget regjeringa no lanserer for Stortinget.  

– Fylkeskommunen har gjennom regionreforma fått eit større ansvar for kompetansepolitikken. No tar vi dette vidare, seier Melby. 

I dag er det tilbod om karriererettleiing i alle fylka. Det fylkeskommunale forvaltningsnivået har i dag likevel inga plikt til å tilby slik rettleiing til innbyggarane sine. No vil regjeringa endre på det.