Historisk arkiv

Aukar omsetningskravet for biodrivstoff

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa aukar omsetningskravet for biodrivstoff til vegtrafikk frå 20 prosent til 22,3 prosent frå 1. juli 2020. Samstundes blir delkravet til avansert biodrivstoff auka til frå 4 prosent til 6,1 prosent.

Klima- og miljødepartementet sende tidlegare i år forslag om opptrapping av omsetningskravet på høyring. I høyringa blei det foreslått å auke kravet frå 1. juli. Det blei også foreslått ein monaleg vidare auke i omsetningskravet og delkravet til avansert biodrivstoff frå 1. januar 2021.

- Regjeringa arbeider med å få ned klimagassutsleppa i alle sektorar, og ikkje minst i transportsektoren ser vi allereie gode resultat. Noreg har ein ambisiøs politikk for å ta i bruk berekraftig biodrivstoff.  No aukar det generelle omsetningskravet samstundes som vi aukar delkravet til avansert biodrivstoff, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Regjeringa varslar at den vil auke omsetningskravet ytterlegare frå 1. januar neste år. Dette kjem regjeringa tilbake til i samband med budsjettet for 2021.

Omsetnadstala for biodrivstoff i 2019 viste at salet av avansert biodrivstoff auka med omlag 40 millionar liter frå 2018, men tala viste også at salet av biodrivstoff frå palmeolje auka frå om lag 93 millionar liter i 2018 til 111 millionar liter i 2019. Når omsetningskravet skal bli trappa opp frå 1. januar, vil omsynet til å avgrense biodrivstoff med høg avskogingsrisiko vere ein del av vurderinga.

Du kan lese meir om høyringa her.

Les endringsforskriften her.