Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021

1 522 millionar kroner meir i frie inntekter til Oslo neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst på to milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2021. – Ein god og føreseieleg kommuneøkonomi gjer at kommunane kan fortsetje den gode jobben og levere gode tenester til innbyggjarane, både under og etter koronakrisa, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

Regjeringa vil ta Noreg ut av koronakrisa ved å skape meir og inkludere fleire. For å sikre eit godt og sterkt lokaldemokrati, vil vi leggje til rette for ein god og føreseieleg kommuneøkonomi. I tillegg til veksten i frie inntekter, får kommunane 1,9 milliardar kroner som kompensasjon for skattesvikt i 2020.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Oslo kommune og Oslo som fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2020 til 2021. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2020. Anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2020 på 2,25 milliardar kroner, samanlikna med anslaget på skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett 2020.

For å gjere inntektsnivået i 2020 samanliknbart med inntektsnivået i 2021, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Dei ekstraordinære løyvingane til kommunesektoren i 2020 i samband med virusutbrotet, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2020.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Kommune

Anslag på

Vekst frå anslag på

 

frie

 rekneskap 2020 - 2021

 

inntekter

Nominelle

Prosent

 

2021

kroner

 

 

(1 000 kr)

(1 000 kr)

 

 

1

2

3

Kommune

 

 

 

0301 Oslo

40 804 447

1 220 587

3,1

Til fordeling gjennom året

 

 

 

Fylke

     

Oslo

7 689 519

301 507

4,1

       

Oslo samla

  48 493 966

     1 522 094

3,2

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2021, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2020 til anslag for 2021 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.