Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021

644 millionar kroner meir i frie inntekter til Nordland neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa foreslår ein vekst på to milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2021. – Ein god og føreseieleg kommuneøkonomi gjer at kommunane kan fortsetje den gode jobben og levere gode tenester til innbyggjarane, både under og etter koronakrisa, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

Regjeringa vil ta Noreg ut av koronakrisa ved å skape meir og inkludere fleire. For å sikre eit godt og sterkt lokaldemokrati, vil vi leggje til rette for ein god og føreseieleg kommuneøkonomi. I tillegg til veksten i frie inntekter, får kommunane 1,9 milliardar kroner som kompensasjon for skattesvikt i 2020.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Nordland og Nordland fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2020 til 2021. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2020. Anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2020 på 2,25 milliardar kroner, samanlikna med anslaget på skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett 2020.

For å gjere inntektsnivået i 2020 samanliknbart med inntektsnivået i 2021, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Dei ekstraordinære løyvingane til kommunesektoren i 2020 i samband med virusutbrotet, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2020.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Kommune

Anslag på

Vekst frå anslag på

 

frie

 rekneskap 2020 - 2021

 

inntekter

Nominelle

Prosent

 

2021

kroner

 

 

(1 000 kr)

(1 000 kr)

 

 

1

2

3

1804 Bodø

2 992 526

91 527

3,2

1806 Narvik

1 358 771

51 106

3,9

1811 Bindal

117 034

2 440

2,1

1812 Sømna

150 261

4 796

3,3

1813 Brønnøy

504 237

9 903

2,0

1815 Vega

98 332

3 812

4,0

1816 Vevelstad

53 673

565

1,1

1818 Herøy

134 804

4 460

3,4

1820 Alstahaug

453 174

14 085

3,2

1822 Leirfjord

174 406

7 311

4,4

1824 Vefsn

819 129

23 632

3,0

1825 Grane

117 040

2 162

1,9

1826 Hattfjelldal

110 757

1 566

1,4

1827 Dønna

116 572

3 121

2,8

1828 Nesna

130 572

2 184

1,7

1832 Hemnes

307 480

8 638

2,9

1833 Rana

1 529 700

38 418

2,6

1834 Lurøy

197 048

2 868

1,5

1835 Træna

49 617

541

1,1

1836 Rødøy

113 256

1 531

1,4

1837 Meløy

430 593

7 949

1,9

1838 Gildeskål

154 502

2 445

1,6

1839 Beiarn

91 238

3 658

4,2

1840 Saltdal

314 454

12 251

4,1

1841 Fauske

572 050

12 230

2,2

1845 Sørfold

150 393

4 314

3,0

1848 Steigen

192 055

8 395

4,6

1851 Lødingen

158 695

3 991

2,6

1853 Evenes

108 986

1 646

1,5

1856 Røst

52 990

704

1,3

1857 Værøy

72 610

3 364

4,9

1859 Flakstad

101 861

1 667

1,7

1860 Vestvågøy

705 359

19 959

2,9

1865 Vågan

584 640

13 906

2,4

1866 Hadsel

502 678

10 351

2,1

1867 Bø

189 995

3 186

1,7

1868 Øksnes

287 236

7 409

2,6

1870 Sortland

634 601

19 290

3,1

1871 Andøy

310 640

5 802

1,9

1874 Moskenes

84 363

1 848

2,2

1875 Hamarøy

222 266

3 607

1,6

Til fordeling gjennom året

73 000

 

 

Nordland

15 523 596

412 638

2,7

       

Nordland fylkeskommune

5 463 805

230 986

4,4

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2021, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2020 til anslag for 2021 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.