Historisk arkiv

Ber om innspel frå Møre og Romsdal til småbystrategi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa vil styrke småbyar og større tettstader som attraktive kraftsenter i regionen. Måndag 22. mars møter kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup representantar frå fylkeskommunen, eit utval kommunar og representantar for næringsliv i Møre og Romsdal for å få innspel til regjeringas strategi for småbyar som regionale kraftsenter.

– Vi inviterer til innspelsmøter for å lytte til lokale aktørar som veit kva som skal til for å skape attraktive småbyar og berekraftige lokalsamfunn, seier Nikolai Astrup, kommunal- og moderniseringsminister.

Saman med distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland inviterer han no til digitale innspelsmøter mange stader i landet, og 22. mars går turen til Møre og Romsdal fylke.

- Levande og attraktive småbyar kan bidra til vekst og utvikling for heile regionen. Eg trur det ofte handlar om arbeidsplassar, eit variert botilbud, gode nabolag og urbane og levande sentrumsområder. Gjennom strategien ønsker vi å peike på korleis vi saman kan bidra til at småbyar i større grad fungerer som regionale kraftsenter i regionane sine, seier Astrup.

Les meir om strategi for småbyar som regionale kraftsenter.

- Eg ser fram til å høyre kva som skal til for å gjere stader som Kristiansund, Åndalsnes og Ulsteinvik attraktive både for innbyggjarane og næringslivet. Og korleis dei jobbar for å skape attraktive og levande sentrum. Kva meiner dei er dei største utfordringane og moglegheitene vi kan gripe for å få til vekst og sikre ei berekraftig utvikling av småbyane, og sikre samspill med omlandkommunane? seier Astrup.

Denne strategien er ein av tre distriktspolitiske strategiar som regjeringa vil legge fram til våren.

Deltakarar på møtet 22. mars

  • Ingunn Bekken Sjåholm, plansjef i Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Erik Brekken, kompetanse- og næringsdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Knut Erik Engh, ordførar i Ulstein kommune
  • Verner Larsen, kommunedirektør i Ulstein kommune
  • Arne Runar Vik, kommunalsjef for teknisk etat i Ulstein kommune
  • Yvonne Wold, ordførar i Rauma kommune
  • Tom Erik Rødven, tenesteområdeleiar for utbyggjing i Rauma kommune
  • Kjell Neergaard, ordførar i Kristiansund kommune
  • Arne Ingebrigtsen, rådmann i Kristiansund kommune
  • Elin Kamsvåg, prosjektingeniør og prosjektleiar for Byen som regional motor i Kristiansund kommune
  • Kjersti Kleven, dagleg leiar i Skaparhuset
  • Daniel Garden, dagleg leiar i Ulstein Næringsforum
  • Solveig Brøste Sletta, dagleg leiar i Nordveggen
  • Ole Jonny Rugset, dagleg leiar i Kristiansund og Nordmøre næringsforum


Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00