Historisk arkiv

Landbruks- og matministeren sitt innlegg til Stortinget si behandling av endringar i konsesjonsloven og tvangsfullbyrdelsesloven (oppheving av priskontroll)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Ettersom dette er mi første sak som vi behandlar i Stortinget, hadde eg i utgangspunktet skrive eit manus. Men etter å ha høyrt debatten er det behov for å fråvike det betydeleg, for den diskusjonen som faktisk går føre seg i denne salen, synest eg viser delvis manglande innsikt i kva som er utfordringane for dei som skal investere i landbruket for framtida. Medan Senterpartiet hevdar at vi no opnar for unngåingsmoglegheiter på storleik med låvedører, seier Arbeidarpartiet at regjeringspartia går på store mageplask. Begge delar går ikkje i hop, og derfor er det betydeleg ulikskap også mellom korleis opposisjonen handterer denne saka – det registrerer eg.

Men kva er bakgrunnen for at denne saka er viktig? – det trur eg er kjernen i denne diskusjonen. I veldig stor grad handlar det om kva slags landbruk vi skal ha i framtida, og kva vi skal gjere for å sørgje for at norske bønder lukkast med faktisk å auke matproduksjonen, som er det overordna prinsippet som dette Stortinget alltid har sagt at skal vere det berande i landbrukspolitikken: auka matproduksjon over heile landet. Då er det sånn at dersom vi skal vite svaret på korleis vi skal løyse det, kan vi ikkje berre sjå oss bakover, vi må sjå framover. Mange av dei bøndene som eg møter no, og som vil inn i landbruket, odelsgutar og -jenter som vil ta over bruk, gjer det ikkje i mangel på tru på sitt eige gardsbruk eller på sin eigen forretningsidé. Dei gjer det tvert om i tru på at det her er moglegheiter for å utvikle noko som ein både kan leve av og tene pengar på, og ikkje minst for å drive eit verdfullt arbeid – det faktisk å produsere mat til seg sjølve og til omgivnadene, mat av høg kvalitet og med låg medisinbruk som er trygg for alle forbrukarar.

Og kvifor er dette spørsmålet som vi behandlar i dag, viktig? Jo, det handlar om investeringsviljen til norske bønder, det handlar om at Stortinget ofte diskuterer leigejordsproblematikken kontra jord som ein eig sjølv, i kva grad ein driv leigejorda like godt. Dersom ein skal løyse den utfordringa, er ein også nøydd til å løyse dei regulatoriske utfordringane ein sjølv har bidrege til å leggje på denne næringa. Derfor var det det som var intensjonen då regjeringa kom og foreslo å oppheve priskontrollen. Derfor er eg glad for samarbeidet som regjeringspartia har hatt med Venstre og Kristeleg Folkeparti, som moderniserer på viktige område, og som ikkje gjev alle svar, men som openbert gjev meg eit pålegg om å kome tilbake igjen med det ein treng meir avklaring på. Det er eg veldig komfortabel med, og den jobben skal eg gjere.

Men korleis ser bonden ut i framtida? Det er det ingen av oss som veit, men det er ein ting eg er heilt sikker på, og det er at bøndene kjem til å vere like mangfaldige som dei har vore. Dei ungdomane eg møter der ute i dag, gjer to ting: Nokre investerer i volum, og andre investerer i nisjeproduksjonen sin, eiga vidareforedling, og andre innser at dei er eit supplement til dei to andre og lever ikkje av produksjon, men har det som attåtnæring fordi dei synest det er grunnleggjande verdfullt å ta vare på eiga jord og eigen eigedom. Det mangfaldet kjem vi til å sjå også i åra framover. Men norske bønder har ei ibuande utfordring fordi veldig mange av desse no gjer tunge investeringar – på 5, 6, 7, 8 mill. kr – ikkje berre i driftsbygningar, men i ny teknologi som gjer at miljøpåverknaden går ned fordi ein individgjødslar, og som gjer at effektiviteten når det gjeld kvart husdyr, går opp fordi ein brukar mjølkerobot. Det krev investeringar, og til desse investeringane kan ikkje bønder, på same måte som andre, låne på verksemda, fordi det er ikkje pantegrunnlag. Norske bønder er heilt avhengige av sin eigen tillit i sin eigen bank for å løyse dette med nødvendig kapital for å investere for framtida. Det er det dette handlar om.

Kjernen i problemet er at skal vi leggje til rette for dei som vil satse på norsk landbruksproduksjon, og som vil inn, fordi dei har tru på at det er ei framtid der ute, eller skal vi satse på dei som vil kome seg ut derifrå? Eg meiner at det som Stortinget gjer i dag, peikar openbert på den første gruppa, dei som vil satse på framtida fordi dei har genuin tru på sin eigen produksjon, og derfor takkar eg for samarbeidet mellom dei fire partia og for at ein greier å få til nødvendige moderniseringar. Samtidig skal eg gjere mitt beste for at dei får svar på dei spørsmåla dei treng å få svar på, for å kunne gå yttarlegare steg i moderniserande retning.