Historisk arkiv

Fjernar særlov om ferie

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

- Nærings- og fiskeridepartementet foreslår å oppheve fiskarane si eiga særlov om ferie. I staden blir fiskarane heller omfatta av den ordinære ferielova. Målet er forenkling og å gi fiskarar dei same rettane som andre arbeidstakarar, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

I lovforslaget som er sendt på høyring foreslår departementet at heile lova om ferie for fiskarar blir oppheva. Departementet foreslår dessutan ei endring i ferielova. Feriepengane til fiskarane vart tidlegare utbetalt gjennom eit feriefond som Garantikassa for fiskarar administrerte. Denne ordninga har ikkje vore nytta på 20 år.

Lovforslaget inneber at fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste no skal omfattast av reglane i ferielova. Fiskarar som ikkje utfører arbeid i andre si teneste (typisk fiskebåteigar) vil ikkje lenger ha ein lovfesta rett til ferie.

- Når vi foreslår at fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste skal omfattast av den alminnelege ferielova, inneber det at denne gruppa av fiskarar får ein vilkårslaus rett til å ta 18 dagar ferie i tidsrommet 1. juni til 30. september, seier Aspaker.