Historisk arkiv

Opphevar omstillingslova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Omstillingslova blei innført for å skape dialog mellom nedleggingstrua bedrifter og lokale myndigheiter, men har ikkje hatt den verknaden vi ønska oss. Omstillingslova er den sjuande lova som no blir oppheva for å fjerne unødvendig regelverk og dermed forenkle kvardagen for landets bedrifter.

-Det skal være så lett som mogleg å drive bedrift i Noreg. Omstillingslova bidreg til det motsette, fordi den fører til unødvendige kostnadar for næringslivet, samtidig som prosessane knytta til lova ikkje hindrar nedlegging av produksjon, arbeidsplassar eller avvikling av bedrifter, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Regjeringa vil legge til rette for lønnsam og bærekraftig omstilling og utvikling av eit innovativt og konkurransedyktig næringsliv. Unødvendige pålegg og byråkrati for bedriftene bidreg ikkje til dette.

Regjeringa vil redusere næringslivets administrative kostnadar med å forenkle rapportering, lover og reglar med 10 milliardar kroner i perioden 2017-2021. Dette kjem i tillegg til 15 milliardar i gjennomførte forenklingar i perioden 2011-2017.