Historisk arkiv

Svalbard lufthamn – skal utskiljast som eige dotterselskap i Avinor-konsernet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Utskiljing av Svalbard lufthamn som eit eige dotterselskap innanfor Avinor-konsernet vil styrkje den økonomiske situasjonen for Avinor. Endringa får ingen konsekvensar for Avinor sitt samfunnsoppdrag på Svalbard. Standard og tenester ved lufthamna blir ikkje endra som følgje av slik utskiljing.

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at Avinor AS planlegg å skilje ut Svalbard lufthamn som eit eige dotterselskap, med verknad frå 1. juni i år.

Utskiljinga som eige dotterselskap har samanheng med skattemessige vurderingar som gjeld forholdet mellom skattelova for Svalbard og norsk skattelovgiving. Ved å skilje ut Svalbard lufthamn som eit eige dotterselskap, kan det skattemessige underskottet på Svalbard lufthamn samordnast med overskottet for Avinor si verksemd på fastlandet. 

Sjå også - Prop. 126 S (2015-2016) Nokre saker om luftfart, veg, særskilde transporttiltak og jernbane