Prop. 126 S (2015–2016)

Nokre saker om luftfart, veg, særskilde transporttiltak og jernbane

I proposisjonen foreslår regjeringa kostnadsramme for prosjekta E18 Varoddbrua og ERTMS-prosjektet og å opprette ei støtteordning for ERTMS-utstyr for togmateriell. For rv 23 Oslofjordforbindelsen blir det foreslått å avslutte bompengeinnkrevjinga, medan ein held fram med å krevje inn lokalt finansieringstilskot på omsetning av drivstoff i Tromsø i tre år til og forlengjer førehandsinnkrevjinga av bompengar på E39 Rogfast. Vidare blir det orientert om fleire saker innan luftfart, veg, særskilde transporttiltak og jernbane, m.a. organiseringa av Vegtilsynet, status i arbeidet med jernbanereforma og fire oppmodingsvedtak.

Les dokumentet

Følg proposisjonen på Stortinget