Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Akershus, Buskerud og Oppland tysdag 29. oktober

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

OPPDATERT: Endringar i programmet, sjå nedanfor. Samferdselsminister Jon Georg Dale er på reisefot i Akershus, Buskerud og Oppland tysdag 29. oktober. Synfaring på prosjektet E16 Bjørum-Skaret, vegopning på E16 Bagn-Bjørgo, dresinsykling på Valdresbanen og pressetreff om betre togtilbod på Gjøvikbanen står på programmet. Pressa er invitert til å delta.

Programmet for dagen ser slik ut:

08.45-09.45: Synfaring og orientering ved Statens vegvesen om E16 Bjørum – Skaret.

Oppmøtestad er Statens vegvesens prosjektkontor i Jongsåsveien 4 i Sandvika.

Deltakarane blir transportert med minibuss under synfaringa og køyrt tilbake til prosjektkontoret etterpå.     

11.45-13.00: Vegopning på E16 Bagn Bjørgo.

Sjå eigen presseinvitasjon frå Statens vegvesen.

15.00-15.45: Synfaring og orientering ved Bane NOR om infrastrukturtiltak som skal gi eit betre togtilbod på Gjøvikbanen. MERK: Synfaringa og orienteringa startar ein time tidlegare enn først meldt.

Oppmøtestad: Perrongen mellom stasjonsbygningen og spor på Gjøvik stasjon.

Vel møtt!

Det er avgrensa med plassar i minibussen på synfaringa av E16 Bjørum-Skaret og på dresinane på Valdresbanen. Presse som er vil vere med på desse to seansane, må melde seg på via:

Samferdselsdepartementets kontaktperson for turen - Henrik Jonassen, mobil: 976 28 091, e-post: hj@sd.dep.no.