Historisk arkiv

Statsministerens program veke 18

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 27. april
Kl. 12.15: Statsminister Erna Solberg og kunnskapsminister Guri Melby besøkjer Ellingsrudåsen skole i Oslo, der dei møter elevane som startar på skulen igjen.

Adresse: Harald Sohlbergs vei 17, Oslo.

Besøket går føre seg ute i skulegarden og inne i eit klasserom. Inne i klasserommet vil det vere mogleg for ein svært avgrensa pool av fotografar å jobbe. Deltakarar i poolen er NTB Scanpix og TV2.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.

Pressekontakt for kunnskapsministeren er kommunikasjonsrådgivar Ajfer Husejin, telefon 95 93 64 85, e-post ajfer.husejin@kd.dep.no.

Kl. 15.00: Statsministeren, næringsministeren og barne- og familieministeren leier eit videomøte med representantar for handels- og servicenæringa. Møtet er del av ein serie innspelsmøte der regjeringa inviterer ulike sektorar og næringar til å kome med innspel til korleis Noreg best mogleg skal kome seg ut av koronakrisa.

Desse deltek i møtet: adm. dir. Stine Trygg Hauger i Clas Ohlson, dagleg leiar Irene Tørhaug i Husfliden Bergen, direktør Stian Vik Gabrielsen i Komplett Business, adm. dir. Thomas Støkken i Maxbo, adm. dir. Kjersti Hobøl i Nille, retaildirektør Anita Sørlundsengen i Shell/St1, finansdirektør Øyvind Bustnes i Varner-gruppen, adm. dir. Johnny Ottesen i Voice Norge, konsernsjef Pål Wibe i XXL og konstituert forbundsleiar Christopher Beckham i Handel og Kontor.

Etter møtet, kl. 16.30, blir det pressetreff på video med statsministeren, næringsministeren og barne- og familieministeren. Me ber presse som ønskjer å delta i videomøtet om å melde seg på til smkinfo@smk.dep.no innan måndag 27. april kl. 14.00. Påmeldte journalistar vil få tilsendt lenkje til videomøtet. Pressetreffet varer i ca. 20 minuttar. Me legg opp til å svare på så mange spørsmål som mogleg på den tida.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Pressekontakt for næringsministeren er kommunikasjonsrådgivar Lotte Nilsen Brudevoll, telefon 95 76 61 69, e-post lnb@nfd.dep.no.

Pressekontakt for barne- og familieministeren er politisk rådgivar Maria Moe,
telefon 41 21 52 47.

Tysdag 28. april
Kl. 10.10: Statsministeren deltek på Teams-møte med elevar ved Etterstad videregående skole i Oslo. I møtet treffer ho andreklasse-elevar som går linja Service og samferdsel.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.

Onsdag 29. april
Kl. 12.00: Statsministeren, næringsministeren og klima- og miljøministeren leier eit videomøte om grønne initiativ og klima. Møtet er del av ein serie innspelsmøte der regjeringa inviterer ulike sektorar og næringar til å kome med innspel til korleis Noreg best mogleg skal kome seg ut av koronakrisa.

Desse deltek i møtet: dagleg leiar Helene Falch Fladmark i Eyde-klynga, adm. dir. Knut Johansen i eSmart Systems, adm. dir. Bjørn Haugland i Skift – Næringslivets klimaledere, adm. dir. Harald Solberg i Norges Rederiforbund, dagleg leiar Marius Holm i Zero, leiar Silje Ask Lundberg i Naturvernforbundet, dagleg leiar Frederic Hauge i Bellona, adm. dir. Ingvild Sæther i Altera Infrastructure, adm. dir. Hege Økland i Maritime Cleantech og konsernsjef Remi Eriksen i DNV GL. 

Etter møtet, kl. 13.30, blir det pressetreff på video med statsministeren, næringsministeren og klima- og miljøministeren. Me ber presse som ønskjer å delta i videomøtet om å melde seg på til smkinfo@smk.dep.no innan onsdag 29. april kl. 11.30. Påmeldte journalistar vil få tilsendt lenkje til videomøtet. Pressetreffet varer i ca. 20 minuttar. Me legg opp til å svare på så mange spørsmål som mogleg på den tida.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Pressekontakt for næringsministeren er kommunikasjonsrådgivar Hanne Steensnæs, telefon 90 92 27 78, e-post hanne.steensnas@nfd.dep.no.

Pressekontakt for klima- og miljøministeren er kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 468 19 812, epost martin-lerberg.fossum@kld.dep.no.