Historisk arkiv

Kunnskapsministeren til Bærum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Adresse: Borkenveien 3, 1339 Vøyenenga

Sted: Vøyenenga skole i Bærum

Kunnskapsminister Henrik Asheim gjestar torsdag 21. september Vøyenenga skole i Bærum. Skolen er med på eit forsøksprosjekt for meir fysisk aktivitet i skolane.

Vøyenenga skole er ein av 30 skolar som frå hausten 2017 deltar i eit forskingsprosjekt som ser på samanhengen mellom auka fysisk aktivitetsnivå og læring i skolen. I tillegg er målet å auke trivselen til elevane på skolen, betre konsentrasjonen gjennom skoledagen og betre læringsmiljøet.

Det har vore eit dramatisk fall i fysisk aktivitet hos norske barna og ungen, og norske 15-åringar er blant dei minst treningsaktive i heile OECD-området. Forsking viser at fysisk aktivitet har positiv effekt på elevane si helse, læring og trivsel. Derfor er regjeringa oppteken av å leggje til rette for at skolane sikrar dagleg fysisk aktivitet for elevane. 

12.30: Kunnskapsministeren blir teken imot av rektor og får informasjon om skolen sitt arbeid med fysisk aktivitet.

12.35-13.15: Statsråden til stades under ein time med fysisk aktivitet ved skolen.

Kontaktperson: Kommunikasjonsrådgjevar Dino Prohic, e-post dpr@kd.dep.no,telefon: 92225224