Historisk arkiv

Regjeringa legg fram sitt forslag til ny etterretningstenestelov

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad: Statsministerens kontor

Pressekonferansen går føre seg på Statsministerens kontor i Glacisgata 1.

Oppmøte for pressefolk seinast kl. 13.00. Ta med gyldig pressekort og id.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Påmelding til pressekonferansen skjer til smkinfo@smk.dep.no innan onsdag 22. april kl. 09.00. Me ber om at kvart mediehus avgrensar oppmøte av journalistar og fotografar til maks to per redaksjon.

Presse som ikke har anledning til å vere til stades kan sende inn spørsmål til smkinfo@smk.dep.no med teksten PK1315 i emnefeltet. Avsendaradressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilansoppdrag. Me kan ikkje garantere at alle får svar på spørsmåla sine.

Pressekonferansen vert filma av Departementas sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. Kontakt DSS på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no. Bilete frå pressekonferansen vert delt av Statsministerens kontor på Flickr.

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgjande embed-kode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/k7fvkgpt/wowza.js' type='text/javascript'></script>

Fleire omfattande tiltak er innført for å hindre spreiing av korona-viruset i befolkninga. Departementa og SMK har innført avgrensingar for nærvær i sine lokale for å hindre spreiing av viruset blant besøkjande og tilsette. Me legg til grunn at frammøtte følgjer helsestyresmaktene sine tilrådingar for smittevern. Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon.