Historisk arkiv

Spørsmål om skattekonvensjon i FN

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereims svar på spørsmål frå Ingrid Fiskaa (SV) om regjeringa ta til orde for å vedta eit forhandlingsmandat for ein skattekonvensjon i FN.

Skriftlig spørsmål nr. 3071
Datert 07.09.2023

Representanten Ingrid Fiskaa (SV) til utviklingsministeren:

Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til skriftlig besvarelse til utviklingsministeren:

I snart tjue år har me diskutert behovet for internasjonale skattereglar. Global fattigdom og

ulikskap aukar, men utviklingsland taper framleis langt meir pengar på skatteparadis enn det dei får i bistand. Med dei afrikanske landa i ryggen kjem FNs generalsekretær med ein svært tydeleg beskjed til haustens generalforsamling: Det trengst ein skattekonvensjon i FN no.

Vil regjeringa aktivt støtta opp om generalsekretærens rapport på FNs generalforsamling, og vil regjeringa ta til orde for å vedta eit forhandlingsmandat?

Begrunnelse:

 28. august kom den endelege versjonen av rapporten "Promotion of inclusive and effective

international tax cooperation at the United Nations" frå FNs generalsekretær. Rapporten er eit resultat av resolusjonen om internasjonalt skattesamarbeid som vart einstemmig vedteken av FNs medlemsland i desember i fjor. Generalsekretæren kjem i rapporten med tydeleg kritikk av skattearbeidet i OECD som verken har levert på tid eller inkludering.

Dei fyrste diskusjonane om ein internasjonal skattekonvensjon starta i 2005, men til trass for at det har gått nesten 20 år har ikkje verdssamfunnet lukkast i arbeidet. No er det endeleg eit større rom for handling. Ifølge Hurdalsplattformen skal regjeringen sørga for at Noreg “inntar en ledende rolle i det internasjonale arbeidet for å bekjempe ulovlig kapitalflyt og skatteunndragelse,” og “arbeide for en internasjonal konvensjon om økonomisk åpenhet.”

SV vil at regjeringa bruker handlingsrommet og støttar generalsekretæren og dei afrikanske landa i å endeleg koma i gang med forhandlingar. Oppretting av ei arbeidsgruppe vil no berre forseinka prosessen ytterlegare. Med vedtak av eit forhandlingsmandat på generalforsamlinga vil me endeleg kunna koma i mål med internasjonale skattereglar, slik at utviklingsland kan koma seg ut av fattigdomsfella og rike land kan bygga ut sterkare velferdsordningar.

Utviklingsministerens svar:

I tråd med Hurdalsplattforma, skal Noreg framleis ha eit leiarskap innan internasjonalt skattesamarbeid og kampen mot ulovleg kapitalflyt. Dette er knytt til Regjeringas innsats mot ulikskap og heng saman med målet om å oppnå berekraftsmåla.

Eg ynskjer Generalsekretæren sin rapport velkommen som eit viktig tillegg til den pågåande diskusjonen om ein FN-konvensjon, og Noreg er samde i rapportens hovedkonklusjonar. Rapporten stadfestar ikkje minst ei auka erkjenning av at dagens skattesystem ikkje klarar/maktar å tette betydelege hòl som mogleggjer ulovleg kapitalflyt, hemmeleghald og skatteunndraging. Store summar som kunne finansiert berekraftsmåla går tapt. Vi har alle eit ansvar for å auke ambisjonsnivået.

Det er førebels for tidleg for Noreg å ta eit klart standpunkt om kva alternativ som framstår som det beste. Før vi kan vedta eit forhandlingsmandat, er vi alle tent med ei meir grundig utgreiing i denne innleiandefasen. Ei heilskapleg og systematisk vurdering av det noverande juridiske rammeverket for skatt, til dømes gjennom ei arbeidsgruppe, kan ta oss vidare til den neste fasen av dette viktige arbeidet. Ein slik framgangsmåte vil også gje medlemslanda i FN betre føresetnader for å samlast om ein handlekraftig og konsensusbasert prosess for global skatt i neste fase.

Dersom ein prosess for ein framtidig skattekonvensjon skal kome kritikken av det noverande skattesystemet i møte, er det heilt avgjerande med eigarskap og legitimitet frå FNs samla medlemskap.

Noreg vil halde fram med å ta ei leiande rolle innan globale skattespørsmål. Noregs lange engasjement og gode omdømme på dette området, gir oss truverd til å vere ein brubyggjar i krevjande forhandlingar. Vi vil arbeide vidare for eit globalt skattesystem som sikrar rettvis innsamling av skatt for alle.