Historisk arkiv

Svar på spørsmål om støtte til menneskerettsforsvararen Abdulhadi al-Khawaja

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Anniken Huitfeldts svar på eit spørsmål frå Ingjerd Schou (H) om støtte til den dansk-bahrainske menneskerettsforsvararen Abdulhadi al-Khawaja.

Skriftleg spørsmål nr. 3258 (2022-2023)
Datert 27.09.2023

Frå representanten Ingjerd Schou (H) utanriksministeren (utviklingsministeren):

Kva gjer Noreg for å støtte den dansk-bahrainske menneskerettsforsvararen Abdulhadi al-Khawaja?

Svaret frå utanriksministeren:

Utanriksdepartementet har stor forståing for Maryam al-Khawajas bekymring for sin fars helsetilstand og soningsforhold i Bahrain. Forsvar av menneskerettsforsvararar er ei kjernesak for Noreg, og vi oppmodar jamleg styresmaktene i Bahrain om å etterleve dei internasjonale forpliktingane sine. Vi har teke opp vår bekymring for situasjonen i Bahrain i ei rekkje innlegg i FNs Menneskerettighetsråd. Lauslating av personar som er utsette for vilkårleg fridomskrenking som følgje av utøvinga si av retten til ytrings- og forsamlingsfridom, var vidare ein av våre tilrådingar til Bahrain i den siste periodevise landshøyringa  (UPR) av Bahrain i november 2022.

Utanriksdepartementet har følgt Abdulhadi al-Khawajas situasjon i fleire år, og har hatt jamlege møte med Maryam al-Khawaja, sist i Genève i juni i år. Ambassaden vår i Riyadh har òg tett kontakt med nordiske kollegaer, under dette særleg Danmark. Situasjonen til Abdulhadi al-Khawajas var eitt av temaa ambassaden løfta då dei møtte bahrainsk UD i Manama i mars.  I møtet bad ambassaden om at han må få nødvendig helsehjelp og vurderast lauslate utan vilkår. Ambassaden understreka òg det generelle behovet for ytringsfridom og forsamlingsfridom.

Vi følgjer nøye med på i utviklinga og vil, saman med likesinna land, halde fram dialogen med bahrainske styresmakter.

Vi held fram arbeidet for at menneskerettsforsvararar skal kunne halde fram med å utøve sitt virke trygt og fritt, og for respekt for ytrings- og forsamlingsfridom.