Historisk arkiv

Brukarorientering i ei elektronisk forvaltning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Innlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på plenumsmøte for Polyteknisk forening, 14. mars 2006

Brukarorientering i ei elektronisk forvaltning

Innlegg av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på plenumsmøte for Polyteknisk forening, i samarbeid med Teknologirådet og IKT Noreg, 14. mars 2006.

Takk for invitasjonen! Det er ei glede og utfordring å få delta i dette plenumsmøtet med fokus på ulike perspektiv knytt til digitalisering av offentlege tenester.

Fornying av offentleg sektor
Fornying av offentleg sektor er nødvendig, og ved å utnytte moglegheitene som kjem som følgje av den teknologiske utviklinga, skal det offentlege tenestetilbodet bli stadig betre. Eit avgjerande verkemiddel er satsing på utvikling av elektroniske tenester - både i dei interne arbeidsprosessane, men òg direkte i forhold til brukarar - slik at brukarane kan kommunisere med det offentlege i dei kanalane dei ønskjer. Brukar kan vere innbyggjarar, verksemder, organisasjonar eller delar av kommunal eller statleg sektor.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har i hovudsak to rollar i IKT arbeidet:

  • Setje mål og retning for IKT-utvikling i offentleg sektor.
  • Vere koordinerande departement for Regjeringa sin IKT-politikk, overfor alle sektorar.

IKT-politikk er utforma gjennom eNoreg-planane. Vi støttar hovudtrekka i planen , men det er trong for ei prioritering og spissing av mål og tiltak.

Vi meinar vi òg det er trong for å skape ein samfunnsdebatt, politisk debatt, kring IKT-politikk i Noreg. Vi vil derfor invitere Stortinget til ein heilskapleg og brei drøfting av IKT-politikken gjennom ei eiga stortingsmelding for IKT-området. Det er fyrste gong Stortinget får høve til å gjere ei slik heilskapleg behandling av IKT-politikken.

Vi er so vidt starta på arbeidet, og tema som er aktuelle er mellom anna å drøfte digitale kompetanse- digitale skilje i dagens samfunn og utnytting av IKT for å støtte opp under arbeidet med sosial utjamning. Vidare vil IKT i offentleg sektor vere tema, mellom anna samhandling på tvers av fagsektorane og forvaltningsnivåa, programvarepolitikken, e-handel, utfordringar i t.d helsesektoren og ein diskusjon om gevinstrealisering og risiko i større IT prosjekt.

Informasjonstryggleik og personvern blir opplagt tema, – berre for å ha nemnt noko. Arbeidet er no starta, vi vil ha ein open prosess, eg utfordrar dykk alle til å kome med innspel. Vi har allereie fått innspel frå ca 40 verksemder i offentleg og privat sektor til tema i meldinga, som er forventa levert Stortinget hausten 2006.

Fornying handlar blant anna om elektroniske tenester
Fornying av offentleg sektor handlar blant anna om å satse på utvikling av elektroniske tenester. Innbyggjarportalen MiSide, skal vere ein nettstad for innbyggjarane i deira dialog med det offentlege og er eitt bidrag til at forvaltninga skal framstå heilskapleg overfor brukaren. Portalen skal gi kvar enkelt innbyggjar høve til ei personleg side der ho eller han får tilgang til tenester levert av ulike offentlege verksemder. MiSide skal gi auka høve for innsyn i informasjon om ein sjølv i offentlege register. Løysinga vil òg tilby ei felles postkasse for meldingar til og frå forvaltninga. Dette vil gi oss sikker elektronisk dialog mellom offentleg sektor og den enkelte innbyggjar.

I tillegg til MiSide blir Sikkerhetsportalen utvikla for å lage ei trygg løysing. MiSide og Sikkerhetsportalen inneber eit komplekst samspel mellom mange offentlege verksemder, ulike tekniske løysingar og marknadsaktørar og det er, så langt eg er kjent med, ingen andre land som har klart å etablere noko liknande samspel.

MiSide
Her er MiSide, og som de ser, er det meir enn 20 tenester frå 7 ulike verksemder - eksempelvis flyttemelding, byte av fastlege, og søknad om skattekort. I tillegg har vi tilrettelagt for 4 språkvariantar (nynorsk, bokmål, samisk og engelsk).

Vi har ambisjonar for den vidare utviklinga av MiSide, som bidrag for å auke medverknad og dialog mellom forvaltninga og brukarane. For det fyrste vil vi utvide MiSide frå berre å inkludere tenester frå statlege etatar til òg å tilby kommunale tenester.

Som de kanskje har fanga opp frå media, har vi ikkje endeleg lanseringsdato for Mi Side. Vi driv no og testar ein pilot, og jobbar på spreng for å løyse dei siste utfordringane. Men at sida kjem, det er heilt sikkert –den må berre vere både brukarvennleg, sikker og stabil når den blir lansert.

Fornying handlar blant anna om elektroniske tenester
Vi har fleire eksempel på at etablering av digitale tenester gir betre tilgang og sikrar meir effektiv saksbehandling internt og for brukaren. Skatteetaten er eit godt eksempel. Å fylle ut sjølvmeldinga er ei heilt anna oppleving i dag, enn for berre få år sidan. Arbeidet har blitt mykje enklare og mindre tidkrevjande både for skattebetalarane og for Skatteetaten. I 2005 leverte meir enn 1.8 mill skatteytarar sjølvmeldinga elektronisk (via Internett, sms eller telefon). I tillegg til å forenkle møte med staten, har løysinga frigjorde ressursar som kan nyttast på andre viktige område i samfunnet.

Tilsvarande er Altinn eksempel på ein internettportal som forenklar kvardagen for private verksemder. Altinn handterer elektronisk innrapportering frå næringslivet til det offentlege. I fjor blei det sendt inn fleire meirverdirapportar elektronisk, enn på papir. Vi har no passert 100,000 elektroniske rapportar per termin, og då kan vi verkeleg snakke om gevinstar. Det er eit mål at alle relevante offentlege tenester er tilgjengelege på denne portalen innan 2008.

Utfordringar og moglegheitar
Regjeringa ønskjer trykk på utvikling av elektroniske tenester retta mot innbyggjarane, næringslivet og det offentlege. Samtidig er vi opptatt av at utvikling av digitale offentlege tenester skal vere basert på brukarane sine premissar.

Det er i dag ei stor gruppe av brukarane i det offentlege som er teknologisk kompetente og som vil forvente å få levert flest mogeleg tenester gjennom elektroniske kanalar - dette må vi støtte opp under. Ein open og tilgjengeleg offentleg sektor er viktige grunnpilarar - anten det gjeld dei ”tradisjonelle” kanalane eller dei ”nye” kanalane. Å gi innbyggjarane fleire alternative kanalar skal betre tilbodet og ikkje nødvendigvis erstatte det eksisterande tenestetilbodet.

For det er ei politisk og demokratisk utfordring å sikre at alle innbyggjarar uavhengig av økonomi, alder, funksjonsevne og bustad har og får høve til å ta del i vidareutviklinga av informasjons- og velferdssamfunnet. Denne regjeringa ynskjer å jobbe mot digitale skilje både i samfunns- og i arbeidslivet –og som sagt, dette kjem vi til å gå nøye inn i i stortingsmeldinga som eg snakka om.

Pr i dag er det digitale skilje: Blant hushald med høg inntekt er det berre 9% som ikkje har tilgang til Internett heime, medan i hushald med låg inntekt er det heile 63% som ikkje har internettilkopling heime. Folk med høgskule/universitetsutdanning brukar hyppigare Internett enn folk med berre grunnskule. Det er òg slik at barn av foreldre med høg utdanning bruker Internett meir og i større grad til skule-relatert arbeid. Eg meiner Kunnskapsministeren si satsing på IKT-utstyr i skulen, samt målet om at alle elevar skal ha tilgang til PC'ar og Internett er eit viktig bidrag for å utjamne desse forskjellane.

Skulen må vere i tet når det gjeld utvikling og pedagogisk utnytting av IKT i undervisning og læring. Å vere kritisk og kreativ informasjonsbrukar er avgjerande for å byggje opp god kompetanse. Skulen er ein arena som gjer det mogeleg å gi unge menneske digital dømmekraft og forhindre at digitale skilje blir utvikla. I dei nye læreplanane for grunn- og vidaregåande skule frå 2006 er bruk av digitale verktøy ein av dei fem grunnleggjande kunnskapane som skal integrerast i alle fag og på alle nivå.

Vi må òg ha tiltak for å redusere dei digitale skilja som finst til dømes mellom generasjonane Regjeringa sitt mål er at desse skilnadane ikkje skal ha årsak i manglande kompetanse eller tilgang. Digital deltaking skal vere eit reelt alternativ for alle. Regjeringa ønskjer derfor å sikre ein grunnleggjande digital kompetanse hos innbyggjarane - både innan utdanning, arbeidsliv og samfunnsliv.

Det er òg ei målsetjing at offentlege digitale tenester skal inkludere og vere tilgjengelege for alle brukargrupper bl.a. ved at det gjennom offentlege innkjøp blir stilt krav til produsentar og leverandørar om universell utforming av It-verktøy. Det skal ikkje vere slik at til dømes blinde og svaksynte vert sett utanfor i det digitale samfunnet.

Til slutt vil eg understreke at vi ved utvikling av informasjonssamfunnet vil støyte på utfordringar – blant anna knytt til personvern. Det er difor viktig at enklare og betre tilgang til informasjon i forvaltninga vert nytta til å fremje betre personvern, blant anna til auka medvit, innsikt og kontroll med forvaltninga si innsamling, registrering og bruk av opplysningar om oss sjølv.

Dette kan vi nå ved at offentlege verksemder har tiltak for å styrke enkeltmennesket sitt høve til å ivareta innsynsrettane sine, til dømes ved å leggje til rette for eit sikkert og enkelt innsynssystem i eigen personinformasjon. MiSide er eit viktig skritt i på veg.

Undersøking som er utført av Transportøkonomisk institutt på oppdrag frå mitt departement og Datatilsynet viser at kunnskapen om tryggleik og personvern bør styrkast. Vi lagar difor ein eigen rettleiar som skal gjere det lettare for dei som utviklar regelverk til å ivareta personvernet – og å vege personvernet opp mot andre omsyn. Samtidig set vi høge krav til tryggleik knytt til dei elektroniske løysingane offentleg sektor utviklar. Utvikling og etablering av Sikkerhetsportalen og innføring av elektronisk identitet er verkemiddel for å sørgje for tryggleik i kommunikasjonen mellom brukarar og forvaltninga.

Samtidig er òg dette den enkelte sitt ansvar. Alle må få kunnskap og eit forhold til IT-tryggleik. Det er avgjerande at alle, og særleg dei unge, tenkjer tryggleik på nett. Digital dømmekraft er eit viktig aspekt og er den del av den digitale kompetansen vi ønskjer å auke i samfunnet.

Ei mindre fragmentert og meir effektiv forvaltning
For å oppsummere; det er eit viktig delmål for oss i regjeringa å få ei mindre fragmentert og meir effektiv forvaltning. Elektroniske tenester er effektive verkemidlar – internt og mot brukarane.

Tiltak som Alt Inn og MiSide er etter mi meining skritt i rett retning for å gjere tilgangen til offentleg sektor enklare. Slike reformer og tiltak gjer at skilje mellom etatar og forvaltningsnivå ikkje blir til eit problem for dei som møter oss. Det vil vere eit stort framsteg for innbyggarane når dei får tilgang til alle offentlege elektroniske tenester dei treng på ein og same plass.

Og til de av dykk som ikkje allereie har gjort det – kom med innspel til Stortingsmeldinga om IT-politikk!